Spørsmål og svar

Her finn du svar om linjene, fellesfag og valfag, livet på internatet, pris, opptak og alt det som skjer mellom timane. Finn du ikkje svaret? Ring 56 52 90 40 eller send e-post til post@voss.fhs.no.

Ingen spørsmål passa søket. Prøv eit anna ord, eller ta kontakt med oss.

Om folkehøgskulen og Voss Folkehøgskule

Kva er ein folkehøgskule?

Ein folkehøgskule er eit eitt- eller halvårig skuletilbod for unge vaksne, som oftast etter vidaregåande. Det er ingen eksamen, ingen karakterar og ikkje noko pensum. Elevane bur på skulen, og læringa skjer like mykje i fellesskapet som i undervisningstimane.

Formålet er fastsett i lova: Folkehøgskulen skal fremje allmenndanning, folkeleg opplysning, aktivt medborgarskap og menneskeverd, bidra til mangfald og vere open for alle (folkehøgskulelova § 1).

Kva kjenneteiknar Voss Folkehøgskule?

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule, grunnlagd i 1895 av Lars Eskeland. Skulen ligg på eit tradisjonelt gardstun ved Vangsvatnet, ti minutt å gå frå Voss sentrum, og tek imot opptil 126 elevar fordelte på ni linjer.

Skulen er kjend for ekstremsport, ski og friluftsliv, men har like mykje musikk, foto, film, kunst og teknologi. Blandinga av linjer gjev eit mangfaldig elevmiljø: du bur og lever saman med folk som har heilt andre interesser enn deg sjølv.

Voss er ekstremsportbygda med Ekstremsportveko, Vossa Jazz, Voss Resort (1 km til gondolen), Myrkdalen, vindtunnelen Voss Vind, nokre av dei beste padleelvane i landet og eit av dei største fallskjermsentera i Noreg.

Kva betyr det at skulen er frilynt?

Frilynte folkehøgskular byggjer på allmenne og humanistiske verdiar som toleranse, menneskeverd og likeverd, utan å binde seg til eitt bestemt livssyn. For oss betyr det å møte alle menneske med forståing, respekt og openheit, uansett bakgrunn og tru. Skulen er ikkje ein kristen skule.

Er det eksamen, karakterar eller krav om innsats?

Det er ingen eksamen og ingen karakterar, og du treng ingen karakterar for å kome inn. Men folkehøgskuleåret krev at du er til stades og deltek. Det gjeld heile skuletilbodet, ikkje berre linjefaget: morgonsamling, fellesfag, valfag, laurdagsseminar, praktisk arbeid, studieturar og obligatoriske arrangement er like mykje ein del av året.

Fullfører du året, får du vitnemål. Har du minst 90 prosent frammøte, får du to tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning. Sjå meir under Reglar og rammer.

Eit skuleår som varer heile døgnet

Linjefaget utgjer om lag ein tredel av året. Resten er fellesskap, fellesfag, valfag og livet på internatet, og det er der mykje av den viktigaste læringa skjer.

Kva meiner de med at folkehøgskulen varer heile døgnet?

På folkehøgskule går ikkje skuledagen ut klokka 15. Du bur, et, trenar, øver, festar og løyser kvardagen saman med medelevar og tilsette gjennom heile året. Å samarbeide, ta ansvar for fellesskapet, bu tett på folk som er ulike deg sjølv, ta initiativ og løyse konfliktar er ting du lærer like mykje på gangen, i matsalen og på tur som i klasserommet.

Dette er ikkje «fritid» i vanleg forstand. Det er ein bevisst del av pedagogikken på ein folkehøgskule, og grunnen til at mange elevar seier at året endra dei som menneske.

Korleis ser ei vanleg veke ut?
Kvar morgon
Morgonsamling for heile skulen
Linjefag
Om lag 2,5 dagar kvar veke, i tillegg til eigne linjeveker før og etter jul og linjeturar
Fellesfag
Om lag 1,5 dagar kvar veke, på tvers av linjene
Valfag
Heile fredagen og to timar tysdag, i tillegg til kvelds- og prosjektvalfag
Laurdag
Laurdagsseminar dei fleste laurdagane, og elevkveldar seks laurdagar i året
Kveld og helg
Kveldsvalfag, aktivitetar, opne rom (studio, datarom, sløyd, gymsal), turar og festar

Timeplanen kan endrast når det er turar, prosjekt eller tema som krev at heile skulen jobbar saman.

Kva skjer dei første vekene?

Dei første vekene er grunnmuren for heile året. Du blir kjend med gangen din og resten av skulen gjennom opning i Olavssalen, gangmøte, bli-kjent-aktivitetar ute, og ein informasjonsrunde om internatliv, mat, økonomi, elevråd, reglement og brannvern. Rektor går gjennom reglementet med kvar gang. Gangane lagar òg kvar sin gangpresentasjon, som startar Gangcupen, ein konkurranse mellom gangane som varer heile året.

Kva er morgonsamlinga?

Kvar skuledag startar med morgonsamling for alle elevar og tilsette. Her er det faste innslag, beskjedar, elevframsyningar, allsong og tid til refleksjon. Morgonsamlinga er den daglege møtestaden for heile skulen, uavhengig av linje.

Kva er «gangen»?

Du bur på ein gang på eit av internata. Gangen har sin eigen ganglærar og stipendiatar (andreårselevar) knytte til seg, og blir ein eigen sosial gjeng ved sida av linja. Gangen har gangmøte, deler ansvar for fellesareal og vaskelister, og lagar underhaldning på elevkveldar.

Gangane konkurrerer mot kvarandre i Gangcupen gjennom heile året. Gjennom gangen blir du kjend med elevar frå andre linjer, og mange opplever at gangen blir like viktig som klassen.

Kva er laurdagsseminar?

Dei fleste laurdagane er det laurdagsseminar: tre–fire timar fellesundervisning for heile skulen rundt eit tema. Døme er demokrati, der gangane lagar sine eigne parti og møtest i debatt, og danseseminar med ulike dansestilar. Seminara er lågterskel: alle kan vere med, og det handlar om å prøve, undre seg og delta, ikkje om å prestere.

Kva er elevkveldar?

Seks laurdagar i året lagar elevane på kvar gang underhaldning for resten av skulen. Elevkveldane er blant dei mest minneverdige kveldane i året, og ein god måte å bli kjend med kvarandre på.

Kva skjer på kveldar og i helgar?

Mykje. Stippane har hovudansvaret for det sosiale, men i løpet av året kjem elevane opp med heilt eigne arrangement og aktivitetar - de skapar kulturen sjølv! Det blir aldri ein kjedeleg dag. Dessutan er det mogleg å delta på blant anna swingdans og jegerprøve, kveldskøyring på ski, Vossabadet, musikkstudio, datarom og LAN, bruke gymsal og styrkerom. Fellesromma er opne kvar kveld til kl. 23. Peisestova og elevkjøkkenet er samlingspunkt, og gjennom året er det festar som haustfest og skuleball.

Dei fleste laurdagane har undervisning (laurdagsseminar). I tillegg er det nokre undervisningsfrie helgar. Datoane for dei står i årsplanen, som elevane får ved skulestart.

Er det vaksne til stades heile tida?

Ja. Det er alltid ein tilsett med tilsynsansvar på kveldstid og i helgane. Internatleiaren følgjer opp elevane i kvardagen, ser til den som er sjuk og er ein trygg vaksen å snakke med. Driftsleiaren bur på skuletunet. I tillegg har kvar gang sin ganglærar, og stipendiatane bur saman med elevane.

Kan elevane påverke skulekvardagen?

Ja. Skulen har elevråd, og medverknad er ein del av det å vere elev på folkehøgskule. På mange linjer er elevane med og legg planar for turar og aktivitetar ut frå vêr og vind.

Linjene

Kva linjer har skulen?

Skulen har ni heilårslinjer:

EkstremsportSki og elv: frikøyring, topptur, klatring og isklatring, elvepadling i kajakk og packraft. Passar for deg som har stått litt på ski før.
Ekstremsport LuftFallskjerm, vindtunnel og paragliding, med moglegheit til å ta lisensar. Mykje skikøyring, i tillegg til padling, klatring og kiting.
BrattSki og snowboard i park og frikøyring, klatring (moglegheit for brattkort), stisykling, kiting og dødsing. Ingen erfaring krevst.
Idrett & FriluftslivAlpint og frikøyring, varierte idrettar, klatring, kiting, jakt og fiske, telt og snøhole. For både nybyrjarar og erfarne.
Musikk & FriluftslivSamspel i band, låtskriving, studio, konsertar og turné, kombinert med friluftsliv og ski.
Fotografi & KortfilmDigitalt og analogt foto, mørkerom, utstillingar og kortfilmar som blir sende til filmfestivalar.
ActionfotoNyAction-, sport-, event- og festivalfoto med kamera og drone. Lærarar frå bransjen. Du treng eige kamera.
Data & FriluftslivGaming, KI, koding, webutvikling, grafisk design og LAN, kombinert med ski, hytteturar og friluftsliv. Ingen forkunnskapar krevst.
Kunst & NaturUtforsk ditt eige kunstnarlege uttrykk gjennom mange teknikkar og materiale, utstillingar og portefølje, med naturen som inspirasjon.

I tillegg har skulen halvtårslinjer om hausten og våren.

Kor mykje av tida går til linjefaget?

Linjefaget utgjer om lag ein tredel av folkehøgskuleåret, i praksis rundt 2,5 dagar i veka, eigne linjeveker før og etter jul og turar med linja. Resten av tida er fellesfag, valfag, laurdagsseminar og livet på skulen. Det er ein bevisst balanse: Du får gå djupt inn i det du brenn for, og samtidig møte heile skulen.

Må eg kunne noko frå før?

På dei fleste linjene treng du ingen forkunnskapar, og opplæringa tek utgangspunkt i nivået ditt. Nokre linjer har krav eller tilrådingar:

  • Ekstremsport passar best for deg som har stått litt på ski før.
  • Actionfoto krev at du har eige kamera.
  • Nokre linjer kan krevje helseattest eller politiattest.

Sjå sida til kvar linje, eller ta kontakt dersom du er usikker.

Kva linjer har ekstremsport, og kan eg prøve det utan å gå ei ekstremsportlinje?

Skulen har tre reine ekstremsportlinjer: Ekstremsport (ski og elv), Bratt (ski, snowboard, klatring og sykkel) og Ekstremsport Luft (fallskjerm, vindtunnel og paragliding). Idrett & Friluftsliv har òg mykje ski og klatring.

Elevar på andre linjer kan prøve ekstremsport gjennom valfag som Try It (rafting, tandemhopp, elvepadling), vindtunnel, paragliding, topptur og stisykling. Elevar på Kunst & Natur kan velje ein eigen ekstremsportpakke.

Reiser linjene på tur?

Ja, turar er ein viktig del av alle linjene, både overnattingsturar i Noreg og ein større studietur. Studieturen går i vekene 9–11, og då er skulen stengd. Prisen for linja inkluderer utanlandsturen og dei andre turane på linja.

Døme: Bratt reiser gjennom Alpane og Europa, Fotografi & Kortfilm dreg til ein europeisk foto- og filmby om hausten og Eurofilmfest i Tsjekkia om våren, Actionfoto tek interrail, og Data & Friluftsliv besøkjer teknologiselskap. Sjå sida til kvar linje for detaljar.

Kan eg gå berre eit halvt år?

Ja, fleire av linjene finst som halvtårslinjer, anten om hausten (august–desember) eller om våren (januar–mai).

  • Vår 2027: Bratt, Data & Friluftsliv, Musikk & Friluftsliv, Kunst & Natur, Fotografi & Kortfilm, Idrett & Friluftsliv
  • Haust 2027: Bratt, Data & Friluftsliv, Musikk & Friluftsliv, Kunst & Natur, Fotografi & Kortfilm, Idrett & Friluftsliv, Actionfoto

Ekstremsport og Ekstremsport Luft blir berre tilbydde som heilårslinjer. Halvtårselevar er fullverdige elevar og tek del i alt det andre på skulen, frå fellesfag og valfag til gangen og internatlivet.

Kan eg byte linje undervegs?

Du kan søkje om å byte linje ved å sende ein skriftleg søknad til leiinga. Det er ingen garanti for at det er ledig plass på den linja du ønskjer. Studieturar på linja du byter frå, som ikkje kan avbestillast, må betalast, og du er sjølv ansvarleg for eventuelle høgare utgifter på den nye linja.

Kan eg gå eit år til?

Skulen tek kvart år opp eit lite tal andreårselevar, kalla stipendiatar, frå kullet før. Stipendiatane får fagleg fordjuping på linja si og leiaroppgåver: Dei planlegg og gjennomfører aktivitetar, følgjer opp førsteårselevane på gangen og bidreg til fellesskapet på kveldar og i helgar.

Fellesfag og valfag

Kva er fellesfag?

Fellesfag er undervisning for alle elevar på tvers av linjene, om lag 1,5 dagar i veka. Her jobbar du saman med elevar frå andre linjer om tema som er knytte til formålet med folkehøgskulen: danning, demokrati og medborgarskap, kultur, samfunn, fellesskap og menneskeverd. Fellesfaga blir gjennomførte som undervisning, prosjekt, seminar og aktivitetar, og laurdagsseminara er ein del av dette.

Fellesfaga er grunnen til at du blir kjend med heile skulen, ikkje berre klassen din, og ein viktig del av det som skil folkehøgskulen frå andre skuleslag.

Kva er valfag?

Valfag er fag du vel sjølv, uavhengig av linja di. Skulen har over 30 valfag. Det er valfag heile fredagen og to timar tysdag, i tillegg til kvelds- og prosjektvalfag. Nokre døme:

  • Ski og ekstremsport: alpint, snowboard, frikøyring, topptur, skiinstruktør, Try It, vindtunnel, paragliding, stisykling
  • Natur og kropp: havkajakk, stup og svøm, yoga og meditasjon, balanse, massasje, jegerprøve, vinterovernatting
  • Kreativt: sløyd og trearbeid, grafikk, longboard, SoMe, årbok, filmklubb, swingdans
  • Kvardag og sosialt: Smart student (budsjett, husleigekontrakt, CV, jobbsøking), brettspel, strikk og drikk

Tilbodet varierer litt frå år til år. Sjå heile valfagslista.

Når og korleis vel eg valfag?

Valfaga blir presenterte i løpet av dei første vekene etter skulestart. Då set du deg på ei ønskjeliste over dei valfaga du helst vil ha. Som regel får du to valfag om hausten og to valfag om våren, og du vel på nytt før vårsemesteret.

Du treng altså ikkje bestemme deg for valfag når du søkjer. Valfagstilbodet varierer frå år til år, så lista på nettsida viser døme på kva som kan bli tilbode.

Kostar valfaga ekstra?

Dei fleste valfaga er inkluderte i grunnbeløpet. Nokre valfag har eigne kostnader fordi dei krev instruktørar, utstyr, lisensar eller kursbevis. Døme (med atterhald om endringar):

Paragliding7 800 kr
Vindtunnel7 800 kr
Try It (rafting, tandemhopp, elvepadling m.m.)6 300 kr
Jegerprøveca. 2 500 kr
Skiinstruktør2 000 kr
Longboard (materiell)1 600 kr
Havkajakk (inkl. våttkort)500 kr
Topptur, stisykling, stup og svøm200 kr

Du ser kostnaden før du vel, så du kan sjølv styre kor mykje du vil bruke.

Får eg årskort i skianlegget?

Årskort i Voss Resort er ein del av grunnbeløpet og inkludert for elevar på Ekstremsport, Ekstremsport Luft, Bratt, Idrett & Friluftsliv, Musikk & Friluftsliv, Data & Friluftsliv og Actionfoto.

På Kunst & Natur og Fotografi & Kortfilm er årskortet trekt ut av grunnbeløpet, slik at prisen blir lågare for dei som ikkje treng det. Elevar på desse linjene kan leggje til årskort som eit tilval, til dømes dersom dei vil ha valfag i skianlegget. Du kan sjå kva det utgjer i priskalkulatoren.

Kan eg køyre ski sjølv om eg ikkje går ei skilinje?

Ja. Alle elevar kan velje valfag i skianlegget: piste, offpiste, topptur, alpint, snowboard og langrenn, med grupper for alle nivå. Voss Resort ligg berre 1 km frå skulen. Går du Kunst & Natur eller Fotografi & Kortfilm, legg du til årskort som tilval dersom du vil ha valfag i bakken.

Bu og leve på skulen

Kvar skal eg bu?

Alle elevar bur på internat på skuletunet. Dei fleste bur i dobbeltrom, og det finst nokre enkeltrom. I skuleåret 2026–27 bur elevane på tre internat:

  • Midtgard: om lag 60 elevar. Dobbeltrom med eige bad, og nokre enkeltrom der to rom deler bad.
  • Jomsborg: om lag 40 elevar i enkelt- og dobbeltrom med vask på rommet og bad i gangen. Modernisert i 2015.
  • Oppigard: om lag 10 elevar i enkelt- og dobbeltrom med vask på rommet og bad i gangen. Modernisert i 2024.

Å bu tett på andre lærer deg toleranse og medansvar, og for mange er internatet ein god overgang til å flytte heimanfrå.

Korleis er maten?

Du får fire måltid kvar kvardag og tre i helgane, servert i matsalen med utsikt over Vangsvatnet. Kokkane lagar mest mogleg frå botnen av og brukar stadig meir lokale råvarer. Måltida er òg ein viktig møteplass i kvardagen.

Treng du tilrettelagt kost, til dømes vegetar, allergi eller intoleranse, lagar kjøkkenet det. Det kjem ein ekstra kostnad for dette, sjå prisar.

Kva fasilitetar har skulen?

Skulen har musikkstudio, MacLab, datarom, kinosal, sløydsal, grafikk- og kunstrom, gymsal, styrkerom, peisestove med biljard og brettspel, elevkjøkken og eigne tilpassa klasserom for kvar linje. Skulen har òg ei fjellhytte ved Upsete og ei hytte ved Klepp i nærleiken av skulen, som elevane kan bruke.

Kan eg låne utstyr?

Ja. Elevane har tilgang til skulen sitt utstyr også utanom undervisninga, mellom anna friluftslivsutstyr, kajakkar, SUP, skiutstyr, musikkinstrument og MAC-lab. Du kan leige sykkel for 1 500 kr for året.

Kan eg ha med bil?

Ja, men det kan kome ein kostnad for fast parkering. Ta kontakt med skulen for detaljar. Skulen ligg 1,5 km frå Voss stasjon på Bergensbanen, og det meste av Voss sentrum er i gangavstand.

Kva skjer om eg blir sjuk eller treng ekstra oppfølging?

Internatleiaren har oversikt over kven som er sjuke og ser til dei. Treng du tilrettelegging eller ekstra oppfølging gjennom året, ta kontakt så tidleg som mogleg, gjerne før skulestart, så finn me gode løysingar saman.

Er skulen open i feriane?

Nei. Skulen er stengd i haust-, jule-, vinter- og påskeferien, og elevane reiser heim. Skulen er òg stengd medan linjene er på studietur i vekene 9–11. Sjå skuleruta.

Reglar og rammer

Når over hundre menneske bur tett saman heile året, trengst det felles rammer. Reglane er der for at alle skal trivast og vere trygge.

Kva reglar gjeld på skulen?

Skulen har eit skulereglement vedteke av styret, og trivselsreglar for kvardagen. Målet er eit trygt og inkluderande miljø med respekt for den enkelte og ansvar for fellesskapet. Hovudpunkta er:

  • Deltaking: Du møter presis og deltek aktivt på morgonsamling, i undervisninga og på felles arrangement.
  • Åtferd: Vald, truslar, mobbing, trakassering, diskriminering og krenkande språkbruk blir ikkje akseptert, verken fysisk, verbalt eller digitalt.
  • Orden og reinhald: Du held eige rom og bad reint og ryddig, og tek del i vask av fellesrom og rydding etter måltid og arrangement.
  • Nattero: Det er nattero kl. 23–07, både inne og ute.
  • Alkohol og rusmidlar: Alkohol er ikkje tillate på skulen sitt område, på arrangement eller på reiser i skulen sin regi. Det er absolutt forbod mot ulovlege rusmidlar.
  • Røyk: Internat og undervisningsbygg er røykfrie. Røyking, også e-sigarett, skjer berre på tilvist stad.

Alle elevar går gjennom reglementet saman med rektor, gang for gang, i den første veka. Me legg vekt på å forklare kvifor reglane finst, ikkje berre kva dei er.

Kva gjeld for alkohol og andre rusmidlar?

Det er ikkje lov å drikke eller oppbevare alkohol på skulen sitt område, på arrangement eller på reiser i skulen sin regi. Alkohol som blir funnen på skuleområdet, blir teken i beslag.

Det einaste unntaket er kveldar utan obligatoriske arrangement og utan undervisning dagen etter. Då kan du drikke alkohol utanfor skuleområdet. Når du kjem tilbake, går du rett til rommet ditt, held deg unna fellesareala og respekterer natteroa. Det er ikkje lov å drikke alkohol kvelden før ein skuledag.

For ulovlege rusmidlar er det absolutt forbod mot bruk, sal og oppbevaring, også utanfor skuleområdet og gjennom heile skuleåret. Det same gjeld sal av reseptbelagde legemiddel og dopingmiddel. Ved sterk mistanke ber skulen politiet om hjelp.

Kor mykje kan eg vere borte, og kva tel som fråvær?

Eit fullt folkehøgskuleår er 190 skuledagar fordelte på 33 veker. Frammøte gjeld all obligatorisk undervisning: linjefag, fellesfag, praktisk arbeid, studieturar og obligatoriske arrangement.

  • 90 prosent frammøte gjev to tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning. Fråvær over 10 prosent, også dokumentert, fører som hovudregel til at du mistar tilleggspoenga.
  • Meir enn 10 prosent udokumentert fråvær kan føre til at året ikkje blir godkjent og at du mistar skuleplassen. Du mistar då som hovudregel også retten til å få gjort om lån til stipend.
  • Gyldig fråvær: Du kan få godkjent inntil 15 dagar gyldig fråvær som ikkje tel med i prosenten, til dømes ved langvarig sjukdom, lovpålagt oppmøte, verv i landsdekkjande organisasjonar eller religiøse høgtider. Du må søkje, og dokumentasjon er påkravd.

Blir du sjuk, melder du frå til linjelæraren eller faglæraren så snart som mogleg. Permisjon, til dømes til lege- eller tannlegetime eller heimreise, må godkjennast på førehand. Du blir varsla i god tid dersom du står i fare for å ikkje nå 90 prosent frammøte.

Får eg vitnemål og tilleggspoeng?

Ja. Fullfører du skuleåret, får du vitnemål som dokumenterer kva du har lært og delteke i. Fråvær står på vitnemålet i dagar og enkelttimar, og du kan be om at årsaka til fråværet blir ført opp. Med minst 90 prosent frammøte får du to tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.

Kan eg få besøk, eller overnatte borte?

Ja, men gjester må avklarast med internatleiaren seinast to dagar før besøket. Gjester må kjenne til skulereglementet og branninstruksen. Overnattar dei, søv dei på tildelt rom eller gjesterom og betaler for opphaldet.

Skal du sjølv overnatte borte frå internatet, melder du skriftleg frå til tilsynsvakta eller internatleiaren om kvar du skal vere og når du drar og kjem tilbake.

Kan eg bruke mobilen, og kva med bilete i sosiale medium?

Mobil, nettbrett og liknande skal ikkje brukast i undervisningstida med mindre læraren seier noko anna. Du får tilgang til skulen sitt trådlause nett.

Du kan ikkje dele portrettbilete eller film av andre elevar eller tilsette utan samtykke frå dei. Ved skulestart får du eit samtykkeskjema der du sjølv bestemmer om skulen kan bruke portrettbilete og film av deg i marknadsføring.

Er det noko eg ikkje kan ta med?
  • Våpen og farlege gjenstandar (knivar, fyrverkeri, gass, brensel m.m.) er ikkje tillate utan avtale. Har du fått løyve til å ta med jakt- eller banevåpen, blir våpen og ammunisjon oppbevart i skulen sitt våpenskap.
  • Open eld som stearinlys, duftlys og røykelse er ikkje tillate på grunn av brannfaren.
  • Klesplagg som dekkjer ansiktet skal ikkje brukast i undervisninga eller på turar, med mindre det er grunngjeve i klima, helse eller tryggleik. Det same gjeld plagg og symbol som uttrykkjer ekstreme haldningar, rasisme, vald eller hat (folkehøgskulelova § 5b).
Kva skjer om eg bryt reglane?

Reaksjonen skal stå i rimeleg forhold til det som har skjedd. Mindre brot blir som regel løyste med ein samtale eller ei munnleg åtvaring. Alvorlege eller gjentekne brot blir behandla av disiplinærrådet og kan føre til:

  • skriftleg åtvaring
  • beslag av gjenstand
  • bortvising for ein periode
  • utvising og tap av skuleplassen
  • melding til politiet ved straffbare forhold

Bruk eller oppbevaring av ulovlege rusmidlar, vald og seksuelle overgrep fører normalt til utvising. Det same gjeld alvorlege tilfelle av rasisme, mobbing og trakassering.

Du har alltid rett til å forklare deg før det blir fatta vedtak, og du kan ha med deg ein kontaktperson. Vedtak om bortvising og utvising kan du klage på til styret innan tre veker.

Gjeld reglane også på tur?

Ja. Skulereglementet gjeld på alle turar i skulen sin regi, og i tillegg finst det eit eige reisereglement for studieturar. Alvorlege eller gjentekne brot kan føre til at du blir send heim for eiga rekning.

Treng eg eiga forsikring?

Du er ulukkesforsikra på skulen, på turar i skulen sin regi og på reise til og frå heimen i feriar. Elevar med norsk statsborgarskap har òg yrkesskadeforsikring gjennom NAV. Forsikringa gjeld ikkje ved bruk av rusmidlar.

Du må sjølv ha reiseforsikring som gjeld for turane, både i Noreg og i utlandet. Mange har dette gjennom familien, men sjekk at forsikringa dekkjer dei aktuelle turane. Me tilrår òg innbu- og verdisakforsikring for utstyr og eigedelar, sidan skulen ikkje er ansvarleg ved tjuveri eller tap.

Pris og finansiering

Kva kostar eit år?

Prisen avheng av kva linje du vel, og om du går heilår eller halvår. Bruk priskalkulatoren: Vel periode, linje og tillegg, så ser du totalkostnaden, kor mykje Lånekassen dekkjer og kva du eventuelt må betale sjølv.

Gå til priskalkulatoren
Kva er inkludert i prisen?

Grunnbeløpet er likt for alle og dekkjer mellom anna:

  • kost og losji
  • fellesturar og festar
  • årskort i Voss Resort og gondolen (verdi om lag 8 950 kr). På Kunst & Natur og Fotografi & Kortfilm er årskortet trekt ut av grunnbeløpet, og du kan leggje det til som tilval.
  • Adobe Creative Cloud for alle elevar og Microsoft-pakken for studentar
  • dei fleste valfaga, gjesteforelesarar og leige av ein del utstyr
  • treningsrom, gymsal, vaskemaskin og skulegenser

Linjeprisen kjem i tillegg og varierer mellom linjene. Han dekkjer utanlandsturen og dei andre turane på linja.

Elevane får i tillegg rabatt i Vossabadet og hos ein lokal sportsbutikk.

Kva må eg rekne med av ekstra utgifter?
  • Lommepengar, både på Voss og på turar
  • Valfag med eigen pris (sjå over)
  • Årskort i Voss Resort som tilval for elevar på Kunst & Natur og Fotografi & Kortfilm, til dømes dersom du vil ha valfag i skianlegget
  • Tilrettelagt kost
  • Eventuell sykkelleige (1 500 kr) og parkering
  • Eige personleg utstyr (til dømes kamera på Actionfoto)
Kan eg få lån og stipend frå Lånekassen?

Ja. Folkehøgskule gjev rett til fullt lån og stipend frå Lånekassen. 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend når året ditt er godkjent, og då kan du ikkje ha meir enn 10 prosent udokumentert fråvær. Lånet er rentefritt medan du går på folkehøgskule og vidare studiar.

Du må ha fått skuleplass før du søkjer, og du kan søkje tidlegast frå midten av mai. Utbetalinga startar når du har møtt opp første skuledag. Året på folkehøgskule tel som eitt av dei åtte åra med støtte du har rett på. Nokre kommunar og fylke har òg eigne stipend.

Korleis betaler eg skulepengane?

Skulepengane blir betalte månadleg. Første forfall er 30. august, deretter den 15. kvar månad, med siste innbetaling 15. mai. Får du problem med å følgje betalingsplanen, må du seie frå til skulen straks, så finn me ei eiga ordning. Manglande betaling utan avtale kan bli send til inkasso og kan føre til at du mistar skuleplassen eller ikkje får vere med på studieturen.

Kva skjer om eg trekkjer meg eller sluttar?

Skuleplassen er stadfesta når du har takka ja og betalt innmeldingsavgifta. Du har då 14 dagars angrefrist, og etter det er aksepten bindande. Trekkjer du deg etter angrefristen, får du ikkje igjen innmeldingsavgifta.

Seier du frå deg plassen etter 31. juli eller sluttar i løpet av skuleåret, uansett grunn, må du betale skulepengar for seks veker etter sluttdatoen. Planlagde turar som ikkje kan avbestillast, må betalast fullt ut. Fullfører du ikkje året, gjer heller ikkje Lånekassen om lån til stipend.

Opptak

Kven kan søkje?

Du må fylle 18 år i løpet av hausten du startar, men unntak kan gjevast. Det er ingen karakterkrav. Du kan søkje sjølv om du ikkje er ferdig med vidaregåande, tek pause frå studiar, har vore i militæret eller har jobba ei stund.

Når og korleis søkjer eg?

Opptaket til skuleåret 2027–28 startar 15. november 2026. Du søkjer digitalt via folkehogskole.no. Det er ingen søknadsfrist, og me tek inn elevar fortløpande til linjene er fulle. Mange linjer blir fulle tidleg, så det lønner seg å søkje tidleg. Du får svar på e-post, og av og til ringjer me deg dersom me treng meir informasjon.

Søk skuleplass
Kva legg de vekt på i opptaket?

Motivasjonen din betyr mykje. Fortel kort kvifor du vil gå på Voss Folkehøgskule, både fagleg og sosialt. Elles legg me vekt på om det er ledig plass på linja du ønskjer, og eventuelle forkunnskapar på dei linjene som krev det.

Eg treng tilrettelegging. Kan eg søkje?

Ja. Folkehøgskulen skal vere open for alle. Ta kontakt tidleg, gjerne før skulestart, så finn me gode løysingar saman. Det er ein føresetnad at helsa di gjer opphaldet forsvarleg, både for deg sjølv og for læringsmiljøet til dei andre. Er det tvil om det, tek me ein dialog med deg.

Får eg studentbevis?

Ja. Du får skulebevis som gjev studentrabatt på reiser. Det blir ordna når du har kome til skulen. Du må i tillegg ha godkjent legitimasjon, til dømes pass eller førarkort.

Praktisk

Når startar og sluttar skuleåret?

Skuleåret 2026–27 startar søndag 23. august med innsjekk kl. 13–15 og opning kl. 17. Siste skuledag er laurdag 15. mai, med avslutningsseremoni fredag 14. mai. Sjå heile skuleruta med feriar.

Kan familien kome på besøk?

Ja. Familie er særleg velkomne på haustfesten og avslutningsseremonien. Elles er du alltid velkomen innom på kontoret for ein kopp kaffi i kontortida, måndag–fredag kl. 08–16.

Eg kjem frå utlandet. Kan eg søkje?

Ja. Skulen har elevar frå fleire land kvart år. Les meir på den engelske informasjonssida vår.

Arrangerer skulen elevstemne for tidlegare elevar?

Ja. Neste elevstemne er 28.–30. mai 2027 for kulla som gjekk ut i år som sluttar på 2 eller 7. Sjå program og påmelding.

Fann du ikkje svaret?

Ring 56 52 90 40 eller send e-post til post@voss.fhs.no.
Voss Folkehøgskule, Eskelandsvegen 28, 5704 Voss. Kontortid måndag–fredag kl. 08–16.