ActionFOTO

NY LINJE

Fang stemninga

For deg som elsker utelivet - både i naturen, på aktivitet og på kulturarenaer. Du lærer av dei fremste i bransjen korleis du kan fange stemninga for alltid. Heile vegen frå konsept til publisering!

På Action & Eventfoto får du kameraet med deg ut der ting skjer. Du fotograferer ski, klatring, elvepadling, tur, merkevare, konsertar, festivalar og event. Både med speiløst kamera, 360-kamera og drone. Du lærer å fange fart, menneske, stemning og augeblikk, og å gjere råmaterialet om til innhald som ser skikkeleg bra ut.

På ski, i klatreveggen, på konsert og festival, på tur, i snøen, i regnet. Men alltid menneska i fokus!

I løpet av året vil du ha lærerar som jobbar med dette til dagleg. Sverre Hjørnevik og Jon Hunnålvatn Tøn frå Sjut har jobba for blant anna Fri Flyt, Norrøna, Sweet Protection, Audi og Ekstremsportfestivalen.  Elias Undal har teke film og foto for ØYA, KOMÈ, Trondheim Calling, Bergtatt, Veronica Maggio, Kamelen, By:Larm og Køber med fleir.

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og her finn du skiløyper i verdsklasse!

Me jobber også med merkevarefoto i ekte action. Her lærer du korleis ein kombinerer kamera og drone med action, lys, komposisjon og historieforteljing. 

Du får jobbe med enkel videoproduksjon og det beste av programvare for redigering. Vi bruker Adobe Photoshop og Lightroom, DaVinci Resolve og fleire andre program for etterarbeid og effekter. Målet skal vera at du får mest mogleg ut av materialet, og lærer deg ein effektiv arbeidsflyt.

Klassen jobber gjerne med andre linjer, både ved å vera med på aktiviteter som ski og klatring, men også jobbe med materiale dei har tatt opp med instruksjon frå deg. Det kan vera ein luft-elev som hiv seg ut av et fly, eller ein ekstremsport-elev som har actionkamera med seg ned eit stryk eller i pudderet. 

Dette gjer vi

  • Drar på turar i fjellet

  • Dronefoto og dronelisens

  • Interrail i Europa

  • Drar på turar ilag med andre linjer

  • Action- og sportsfoto og film

  • Event- og festivalfoto og film

  • Ser på merkevarefotoprosjekt i forbindelse med dei to førre punkta

  • Prøver oss på nokre lavterskel ekstremsportaktiviteter

  • Skikøyring i Voss Resort gjennom vinteren

  • Friluftsliv

  • Bruker mykje tid på redigering

  • Lager og publiserer visuelle forteljingar på sosiale medium

  • Lager ein visuell identitet

  • Deltek og leverer til ulike festivalar og event.

  • Hyttetur

Analogfoto om me får tid

Kven passar linja for?

For deg som likar action, friluftsliv, konsertar og festivalar, og vil fange fart, menneske og stemning med kamera. Du har eit eige kamera. Kanskje dette er det du vil halde på med videre i livet?

Lev draumen. Velkommen til Voss – velkommen til Actionfoto!

Du lærer

Frå idé → shoot → redigering → publisering

Foto & film

  • Kamerateknikk og innstillingar

  • Action- og sportsfoto

  • Event- og festivalfoto

  • Dronefoto

  • Komposisjon og lys

  • Filming, kamerarørsler og utstyr

  • Lyd og enkel lyssetjing

Redigering

  • Lightroom – frå RAW til ferdig bilete

  • Photoshop – retusjering, compositing og kreative uttrykk

  • DaVinci Resolve – moderne videoredigering, fargekorrigering og grading

  • LUT-ar og fargeprofilar

  • AI for effekter, tracking og animasjon

Sosiale medium

  • Instagram Reels, TikTok og Stories

  • Karusellar og visuelle forteljingar

  • Collage og mixed media

  • Tilpassing av same innhald til ulike plattformer

  • Korleis byggje ein visuell identitet

Eirin Bang Gjul, elev

“Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt.”

To personer som står på en gate med klare fjell in the bakgrunnen, en med sykkele og skisåle, den andre med staver, begge er utkledd for vintersport.
Syv personer i en hvit oppblåsbar båt på elva, alle iført sikkerhetsutstyr og hjelmer, som opplever rafting. Personene ser entusiastiske og glade ut, med en person foran som lager en seiersgest.

Andre fordelar med å gå på Voss folkehøgskule

  • Årskort i Voss resort og gondol

    Verdi 8 950 kr

  • Full Adobe-pakke til alle elevar

    Verdi 11 880 kr

  • Gratis treningssenter på skulen

    Eit vanleg treningssenter abonnement kostar frå 299 kr pr mnd.

  • Rabatt på skandinavisk høyfjellsutstyr

    15% rabatt heile året, i tillegg til kundekvelder med gode rabattar opptil 50%

  • Billigare inngang på vossabadet

    Betal 65 kr istadenfor 110 kr

  • Fri bruk av skulens hytte

    Ligg ved sida av dagsturhytta på Klepp (Hangurstoppen)

  • Microsoft-pakke for studentar

    Nettbaserte versjonar (web-versjonar) av kjerne Office-apparata: Word, Excel, PowerPoint og OneNote.

Priskalkulator

Priskalkulator

Vel periode, linje og tillegg – så ser du kva skuleåret kostar.

Vel ei linje

Tilleggsval

Støtte frå Lånekassen

Heilår 0 kr

Totalkostnad

0 kr

Vel ei linje for å sjå full pris

Kva kostar det deg no?

0 kr

Eigenfinansiering etter maks stipend og lån

Lommepengar til overs

0 kr

Etter at skulen er betalt med maks stipend og lån

med atterhald om endringar

Valfag, fellesfag og skuleturar

I tillegg til linjefag består året og av valgfag, fellesfag og skoleturer. Kva valfag vi har varierer frå år til år, men nokon av gjengangarane er vindtunnel, skiinstruktør, knivlaging, prehab, vindtunnel, yoga, naturkjennskap, try it, treskjæring, stup og symijing, paragliding og havkajakk.

Fellesfag kan være foredrag, prosjekt, dugnad og turar.