Valgfag
Vi tilbyr 8 linjer. Musikk - Band/Scene, Data, Data & Friluftsliv, Film & Foto, Verda vi skaper, Idrett & Friluftsliv, Ekstremsport og Ekstremsport Luft. Vi har stor pågang, så søk gjerne i dag! I tillegg til linje tilbyr vi mange valfag. Valfag er din moglegheit til variasjon og fordjuping.
Valfaga våre er: Luftsport, Frikøyring, Alpint, Film, Teikning/måling, Naturkjennskap, Yoga, Band, Skitur, Filosofi, Foto, Trening, Sløyd, Ballspel og Matlaging (med atterhald om endringar).
Valfaga gir deg moglegheit til å gjere noko heilt anna enn du gjer på linja – eller til å gjere endå meir!
Reiser
Reis og opplev andre land og kulturar! Skap minne for livet! – nypreppa løyper, attraksjonar, ny teknologi, trening, konsertar – og glede saman med vener. Reisene er knytt opp til linja du går på.
- Idrett & Friluftsliv - Tirol/ Dolomittene
- Musikk - London & Dublid
- Data, Data-Friluftsliv, Film-Foto - USA: Silicon Valley/LA/Hollywood
- Ekstremsport- Slovenia og Alpene
- Ekstremsport Luft -Tirol/ Dolomittene
Om Voss
Voss ligg midt i fantastisk natur mellom fjell og fjord på Vestlandet. 1 time frå Bergen og 5 timar frå Oslo. Mykje å oppleve og lett å komme til. Eit av dei beste skianlegga i Nord-Europa, verdskjende elvar, leikeplass for ekstremsportsutøvarar frå heile verda, rikt kultur- og idrettsliv og bra butikk- og servicetilbod – ei perfekt ramme for ditt folkehøgskuleår.
Om skulen
Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 110 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.
Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule
og har rundt 100 elevar. Skulen har sidan starten i 1895
teke imot elevar med ulik bakgrunn frå
heile landet.