Valfag, fellesfag

og skuleturar

Linjefag utgjer ca 1/3 av folkehøgskuleåret. I tillegg har vi valfag, fellesfag og skuleturar med heile skulen.

Valfag

Over 30 varierte, unike og kjekke valfag. Gled deg til varierte, unike og kjekke valfag utan press og stress.  Dette er ditt år!

Vi har stor fagleg breidde på skulen, og lærarar med lang erfaring. Dermed blir valfaga våre kjekke og varierte. Våre valfag gir deg moglegheita til å forme året slik du vil.

Hos oss får alle elevar årskort i Voss resort, og valfag i skianlegget om dei vil. Piste, offpiste, topptur, alpin, snowboard og langrenn. Kun 1 km frå skulen! Heilt unikt for Voss folkehøgskule er valfag i vindtunnelen på Voss.

Prøv ekstremsport i trygge rammer, heilt unikt for Voss folkehøgskule er valgfag i vindtunnelen på Voss. Utfold deg i vår kreative avdeling med verkstader og sløyd. Padle i havkajakk rett nedom skulen, ver i takt med naturen, lær yoga, stress ned med massasje, meditasjon eller strikking. Vinterovernattingjegerprøve, isbading, balanse,  re-designsmart student, brettspel, foto, medieproduksjon, dans - og mykje meir!

Det er ein heil skuledag og ein halv skuledagdag med valfag på timeplanen. I tillegg har vi kvelds- og prosjektvalfag. Du vel valfag for haust- og vårsemesteret. Valfagstilbodet vil variere litt frå år til år.

Sjå liste.

Fellesfag

Eit år på Voss folkehøgskule handlar om allsidigheit – om å prøve nye ting, tenkje nye tankar, utvide horisonten sin, oppdage talent du ikkje visste du hadde, og utvikle nye interesser.

Mange av desse aktivitetane skjer på dei ulike linjene, men mykje gjer vi òg saman, uavhengig av linje. Det er summen av undervisning, aktivitetar og det å leve saman som utgjer både læring og livet på folkehøgskulen. I gjennomsnitt er 1,5 dagar i veka sett av til fellesfag.

På Voss fhs får du fleire fellesskap å høyre heime i. Først og fremst linja di, men du bur også på ein av dei seks internat-avdelingane, eller "gangane". Gangane jobbar saman og lagar til dømes underhaldning på elevkveldane for dei andre elevane.

Morgonsamling

Vekedagane på normale kvardagar startar vi dagen med opprop, informasjon, morgonstrekk og «ord for dagen», der alle på skulen bidreg gjennom året. Det kan vere alt frå elevar og tilsette sine kunnskapar og opplevingar til dikt, politiske oppdateringar, dans eller aktivitetar.

Seminar

Nokre måndagar, tysdagar etter lunsj og laurdagar har vi seminar. Form og innhald varierer mykje, frå foredrag, diskusjonar, dugnadar og ekskursjonar, til dans og musikk.

Tema kan vere politikk, filosofi, historie, og både dagsaktuelle og meir tidlause spørsmål om det å vere menneske. Temaa vil gje inspirasjon til fordjuping i forhold til skulen sin profil, og nye vinklar for å bli kjend med verda rundt oss.

Elevkvelder og gangcup

I løpet av året har kvar gang ein elevkveld og ein gangcup. Elevkvelden er ein revy/show på kvelden laurdag der ein skal lage morsome sketsjar og andre innslag for dei andre elevane. Gangcup er ein konkurranse der gangane sjølv lagar utfordringane. Dei som vinn gangcup får poeng som tel i gangturneringspotten. Kven vinn den store gangcup-pokalen??

GangTime

Gangane møtes til gangmøte tysdagar, der dei tar opp stort og smått på gangen. Kvar gang har også ein gangtime, ein time i veka som vert leia av ein lærar. Her handlar det om å få livet på internatet til å gå så godt og knirkefritt som råd er. Når vi bur tett på kvarandre, må vi lage, forstå og respektere avtalar for at alle skal trivast. Me tar gjerne ein romsjekk og førebur oss til gangcup og elevkveld. Gangane har ein gangleiar og ein elevrådsrepresentant.

Dugnad

Ein god, gammal skikk, som kort sagt går ut på: noko treng å gjerast, og ein gjeng utfører det i eit tempo – og med godt humør. Det finst vel knapt noko meir meiningsfullt? Vi held det fint på skulen, hjelper til i Voss Resort før vinteren, lagar noko til basar for eit godt føremål og går bøssebæring for TV-aksjonen.

Du blir òg med ut for å samle materialar som skal brukast i undervisninga og på kjøkkenet. Det er moro å sjå kor mykje vi får gjort når alle står på!

Skuleturar

Fordi me alle er i eit fellesskap uansett linje, har me to fellesturar i løpet av skuleåret - ein heilt i starten og ein i slutten.

Stølstur til upsete

Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret. 

Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta. 

Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen. 

Bli med oss på stølstur til sommaren!

Skuletur til Hardanger

I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.

På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.

Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.

ENDRINGAR I VALFAG/ FELLESFAG/ SKULETURAR KAN FOREKOMME