Ekstremsport Bratt
Lev vertikalt.
Dette gjer vi
Heisbasert køyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).
Utforske frikøyringslinjer og jakte på pudder
Leke oss med hopp og rails i terrengparken
Lære kiting på is og snø over to dagar
Dødsing både innendørs og utendørs
Klatring med sertifisering brattkort
Tandemhopp fallskjerm
Elvepadling (2 dagar)
Rafting
Vindtunnel
Du lærer
Alpin skikøyring/ snowboard (grunnteknikk, videregående teknikk, park, frikøyring mm)
Stisykling
Kiting
Klatring (brattkort)
Buldring
Rappellering
Voss folkehøgskule har Noregs mest spennande moglegheit for ski og ekstremsport. Bratt-linja er for deg som vil bruke tid på å utforske fleire ekstremsportar, køyre mykje på ski og leike deg i naturen på Voss. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit unikt samhald og gode vennskap på linja. Store opplevingar blir det garantert!
Køyr stisykkel, ski eller snowboard ned fra fjellet til skulen, lær deg å klatre, prøv elvepadling i Europas beste elver! Prøv å fly i vindtunnelen. Lær kiting på Hardangervidda. Køyr djup pudder i Myrkdalen og i Voss Resort. Du får årskort begge stader. Me legg opp til mykje køyring og leik på ski og brett. Frikøyring og park.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og her finn du sykkelløyper og skiløyper i verdsklasse!
Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med.
Vi avslutter året med eit fallskjermhopp på Skydive Voss!
Du får bu i ekstremsporteldoradoet Voss. Oppleva eit eventyr gjennom studietur i store deler av alpane og Europa. Du får oppleva friluftslivet på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Du får dra på overnattingsturer i den fantastiske naturen Voss har å by på og du får mange gode opplevelsar rundt bålet, både med klassen og resten av skulen!
Etter eit fantastisk år med mange nye vennskap og store opplevingar.
Lev draumen! Velkomen til Voss!
Kven passar linja for?
Ekstremsport Bratt passer for deg som er eventyrlysten og vil utfordra deg sjølv. Du treng ingen erfaring frå før. Undervisninga legg me på ditt nivå og tilpassar di form.
Eirin Bang Gjul, elev
“Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt.”
Studieturer
Alpene og Europa
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing og klatring.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.
Me har valgt å reisa med tog og buss for å:
nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
kunne ha med nok utstyr
læra om å reise
reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!
Klatreparadis i Bergen
Bli med oss på fleire kjekke turar! Me dreg på overnattingstur til klatreparadiset på Sotra utanfor Bergen. Nydelege forhold for både klatring og bading!
Sykkeltur til Hafjell
Hafjell Bike Park er ledende i Norge på heisbasert sykling. Løypene passer alle ferdighetsnivåer, fra helt nybegynner til mer erfarne syklister. Vi skal sykle to dager!
Kitekurs
Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda. Me bur på Haugastøl Turistsenter og lærer oss å kite i området mellom Haugastøl og Dyranut.
Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyg" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane.