Litt om skulen
Voss folkehøgskule ligg vakkert til, midt i smørauget av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Omkransa av fjell speglar skulen seg i Vangsvatnet, berre 10 minutters gange frå Voss sentrum med alt bygda har å by på. Ein perfekt stad for ein folkehøgskule!
Heile Voss er vårt klasserom! I tillegg til gode undervisningsrom på skulen, nyttar me Voss sine unike fasilitetar for både kunst og kultur, ekstremsport og friluftsliv.
Alle elevar ved Voss folkehøgskule får:
Prøve kroppsflyging i Voss vindtunnel
Årskort i Voss gondol og Voss Resort, som ligg i gangavstand til skulen og tar deg rett til fjells og endelaust pudder!
På Voss veit me at det er mengdetrening som gjer meister. Med to og ein halv linjedag i veka, og ein og ein halv dag til valfag, får du tid til å bli betre i det du interesserer deg for, heilt utan karakterpress og formelle vurderingar.
Eit breitt spekter av ulike linjer gir eit allsidig og inkluderande miljø. Her vil du garantert treffe folk som deler interesser med deg, uansett kva dei måtte vere!
Besøk oss her
Eskelandsvegen 28, 5704 Voss
Kontortid
Måndag–Fredag
08:00–16:00
Telefon
565 29 040
Kva finst på skulen?
Fire internat
Midtgard, Jomsborg, Nedigard og Oppigard
Styrkerom
Overraskande stort styrkerom. Du treng ikkje medlemskap på treningssenter!
Musikkstudio
Største mellom Oslo og Bergen
Kinosal
Add your pricing strategy. Be sure to include important details like value, length of service, and why it’s unique.
Datarom
Sosial gaming på kveldstid <3
Sløydsal
Ein profesjonell sløydsal med alt du kan tenke deg av utstyr for treskjæring og møbelsnekring.
Gymsal
Eigne rom for alle linjene
Datarom
Sosial gaming på kveldstid <3
TV-stove med biljard
Ein profesjonell sløydsal med alt du kan tenke deg av utstyr for treskjæring og møbelsnekring.
Bordtennisrom
Eigne rom for alle linjene
Elevkjøkken
Største mellom Oslo og Bergen
Undervisningsrom
Matsal
Frilynt folkehøgskule
Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. For oss betyr det at me er fordomsfrie og tolerante i møte med alle menneske.
I det legg me at me lovar:
At me legg til rette for personleg vekst for unge menneske ved å la dei finne glede og meistring i fag og i fellesskapet.
At me har stor fagleg breidde med høgt nivå, og tilbyr trygge aktivitetar.
At me set av tid til å undre oss, om smått og stort i livet og i faga. Me er opne og ærlege i møte med alle elevar, og lar alle få ein sjanse.