Idrett & Friluftsliv

Heilt vilt.

Opplev meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet. Alpint og fri-køyring i dei to beste skisentra på Vestlandet. Varierte idrettar, klatring, kiting, og jakt og fiske om du vil. Opplev Alpane.

Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen, og ikkje minst naturen rundt oss. Turane våre er varierte; frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Det blir lange samtalar kring bålet, overnatting i telt, hengekøye, snøhole og under open himmel.

På ski tar me utgangs­punkt i ditt nivå. Du får utvikle deg på teknikk, hopp, rails og frikøyring i nypreparerte løyper og i deilig pudder. Me leg­g opp til mykje køy­ring og leik på ski. I idrettsdelen vil du møte både kjende og nye aktivitetar. Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom, og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng.

Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre.

Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra

Dette gjer vi

  • Tur til Alpene

  • Høgfjellstur i telt

  • Kystkultur, fiske og seiling på Litle Færøy

  • Sykkeltur på Rallarvegen

  • Klatring i Sogndal

  • Me overnattar i snøhole, iglo, telt og under open himmel

  • Det blir lange samtalar kring bålet, fiske og læring om turmat

  • Du utviklar deg i ski og snowboard teknikk i Voss Resort

  • Me nyttar skulen sin gymsal, nytt styrkerom og bygda sine idrettshallar

Du lærer

  • På denne linja bygger du viktig kunnskap for å ferdast trygt og godt ute

  • Læring i Kart og kompass, samt grunnleggjande Skredlære

  • Sikkert friluftsliv i både høgfjellet og ved kysten

  • Klatring (du kan ta brattkort) og buldring

  • Førstehjelp på tur

  • Mat på tur

  • Kunnskap og erfaring med trening og crossfit

  • Valfritt: Jegerprøvekurs og lære om tillaging av vilt

Kven passar linja for?

Du som vil prøve mykje variert, du som er glad i idrett og som vil bygge kompetanse i friluftsliv. Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, ski/brett og vennskap.

Caroline Strand, elev

“IF linja har betydd utrolig mye for meg personlig og faglig. Tett samarbeid med ulike mennesker og utallige spennende aktiviteter! Gav meg solid erfaring for videre utforskning. Både jobb og fritid handler om folk, aktivitet og friluft for meg i dag.”

Studieturar.

Roadtrip til Alpene

Dette er verdens "kuleste" Roadtrip!

Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt  i Alpene; St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!

Du får oppleva mange land i Europa, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, elvepadling, surfing og klatring. Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha, eller mindre stader i Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men og å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.

Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane på linja er med å legge opp reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevinger er i fokus.

Me har valt å reisa med buss for å:

  • nå unike stader med kultur og hendingar me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise

  • ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil

  • kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været

  • kunne ha med nok utstyr

  • reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly

Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!

Litle Færøy

På hausten drar me til Litle Færøy. Ei lita øy, så langt vest du kjem! Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Her bur Roar og nokre villsauer. Me driv med kystfriluftsliv. Du vil lære å ro og segle. Maten skal lagast, fisken skal fangast og sløyast. Ei veke der det enkle livet er i fokus.

Havkajakk i Nærøyfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 - 5 dager

Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.

Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.

Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.

Kitekurs

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda. Me bur på Haugastøl Turistsenter og lærer oss å kite i området mellom Haugastøl og Dyranut.

Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyg" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane. 

Topptur og snøhule

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-5 dager

Voss får store mengder snø i løpet av vinteren! Me drar mykje til fjells, og når veret og snøforholda er gode, drar me på topptur.

I løpet av vinteren bygger me snøhule og bruker snøhula som base for skikøyring og fine toppturar i området. 

Fjella kring Voss har utrulig mykje fine moglegheiter for topptur. Elevanes favoritter er Vikafjellet, Jordalen og Mjølfjell. 

Om du vil gå enda meir topptur, så kan valgfaget Topptur anbefales, og det vert mange moglegheiter for topptur på fridagane.