En snødekt landsby med røde trehus og en stor, bladløs tre ved siden av veien. Klart vær med blå himmel og noen skyer.

Litt om skulen

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. Skulen ble opprettet i 1895. Voss Folkehøgskole eigast av ein eigen stiftelse, og tar årleg imot opptil 126 elevar, fordelt på 9 linjer.

Skulen ligg vakkert til, midt i smørauget av ekstremsport- og kulturbygda Voss. Omkransa av fjell speglar skulen seg i Vangsvatnet, berre 10 minutters gange frå Voss sentrum med alt bygda har å by på. Ein perfekt stad for ein folkehøgskule!

Skulen vart grunnlagt i 1895 av Lars Eskeland, men ideen om å starte ein folkehøgskule på Voss kom i 1887 då Bjørnstjerne Bjørnson var på besøk. Ei gruppe unge menneske hylla diktaren ved å synge «Ja, vi elsker» utanfor Fleischer's hotel, der han budde. Bjørnson spurte i den anledning dei unge om det var ein folkehøgskule i bygda. Då svaret var nei, uttalte han: «Ungdom på Voss. Det er mit ønske at det på Voss må bli reist en folkehøiskole.»

Under den andre verdskrigen vart delar av folkehøgskulen teken i bruk som sjukehus. Dette vara ved heilt til midt på 1950-talet då Fylkessjukehuset på Voss stod ferdig.

Skulens ideologi var inspirert av Nikolai Frederik Severin Grundtvigs idé om folkehøgskuler.

vossvind Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse vossvind Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse Beskrivelse

Velkomen til gards!

Garden på Seim var opprinnelig nytta som futagard. Her satt fogden (embetsmann) som krav inn skatter og bøter på vegne av kongen. Kring århundreskiftet var det slutt på futeskipnaden, og folkehøgskulen flytta inn på den gamle garden med ungdommar frå fjernt og nært. Garden blei driven godt med både dyr og dyrking.

Blant dei som har gått her er diktar Tarjei Vesaas og artist Odd Nordstoga.

Oversikt

1 - Oppigard (matsal på toppen)

2 - Miklagard (klasserom)

3 - Nedigard (samlingssal, internat og klasserom)

4 - Gymsal, treningsrom og sløydsal

5 - Futagard (administrasjon og kontor)

6 - Midtgard (internat)

7 - Låven (lager og klasserom)

8 - Stabbur (samlingsrom og lager)

9 - Sykkelstall

10 - Verkstad

11 - Jomsborg (internat)

En tegnet modell av en landsby med flere hus og bygninger, omgitt av grøntområder og trær.

Kva finst skulen?

9 bygg
eit hav av moglegheiter

Musikkstudio

Det største studioet mellom Oslo og Bergen. Spel inn, mix, produser — alt utstyret står klart.

→ Frå riff til release

Matsal

Utsikt over Vangsvatnet, stort kjøkken, piano og plass til 150.

→ Måltid med utsikt

Kinosal

Popcorn, sofa og storskjerm. Filmkveld med vener — ein klassikar.

→ Lyset av, lerretet på

Sløydsal

Profesjonell sal med alt utstyr for treskjering og møbelsnekring.

→ Frå idé til hand

Styrkerom

Overraskande stort. Ingen medlemskap nødvendig.

Datarom

Sosial gaming på kveldstid <3

Gymsal

Volleyball, elevkveldar og gruppetrening.

Bordtennis

Føler du deg kvass? Bli med i turneringa.

Undervisningsrom

Alle linjer har sitt eige tilpassa klasserom — bygd for akkurat det de skal lære.

→ Skreddarsydd for kvar linje

Peisestove

Kosekrok med TV, biljardbord og brettspel. Reality på kveldstid er sterkt anbefalt.

→ Der dagen blir til kveld

Kva er ein frilynt folkehøgskule?

Voss folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule. For oss betyr det at me er fordomsfrie og tolerante i møte med alle menneske.

Frilynte folkehøgskular legg vekt på allmenne og humanistiske verdiar som toleranse, menneskeverd og likeverd. Ordet «frilynt» spring ut frå ordet frilynne – menneskets eige lynne og sinn i møte med andre og verda rundt.

Å vere frilynt handlar om å møte ulikskap med forståing, respekt og openheit, utan å binde seg til eitt bestemt livssyn som den einaste sanninga. Det er eit syn på mennesket som fritt, undrande og i stadig utvikling – med rom for både tanke, kjensle og tru.

Personleg vekst

Glede og meistring

Me legg til rette for personleg vekst ved å la unge menneske finne glede og meistring i fag og i fellesskapet.

Fagleg breidde

Høgt nivå, trygg ramme

Me har stor fagleg breidde med høgt nivå, og tilbyr trygge aktivitetar på tvers av linjer.

Tid til undring

Opne og ærlege

Me set av tid til å undre oss, om smått og stort. Me er opne og ærlege i møte med alle elevar, og lar alle få ein sjanse.

Kom gjerne innom for ein kopp kaffi!

Eskelandsvegen 28, 5704 Voss

Kontortid
Måndag–Fredag
08:00–16:00

Telefon
565 29 040