Data &

Friluftsliv

Algoritmer & Alpinister.

Dette gjer vi

  • Kjekke fjell- og hytteturar for å byggje eit godt klassemiljø

  • Får adrenalinkick med actionfylte rundar med paintball

  • Lagar god stemning med teltliv, bålkos og matlaging ute

  • Koding, webutvikling, 3D

  • Fagturar innan data, mellom anna til Bergen for å samarbeide med Universitetet

  • Køyrer mykje på ski i skianlegg, offpiste og i fjellet (årskort er inkludert)

  • Vårtur i havkajakk til Nærøyfjorden

  • Jobbar med eigne, sjølvvalde prosjekt innanfor datafaga

  • Moglegheit til å prøve klatring, vindtunnel og fallskjermhopp

  • Raftar i elvane på Voss 

  • Gaming og LAN er ein del av kvardagen.

Du lærer

Data

  • Innføring i koding, web og spelutvikling

  • Innføring i 3D-modellering og VR

  • Datasikkerheit og etisk hacking i samarbeid med Informatikk

  • Grafisk design med Adobe-pakka (gratis som elev)

  • Å arrangere eigne LAN-parties

  • Bli trygg på vegen videre innen data 

Friluftsliv

  • Bli ein trygg og god skikøyrar

  • Å planleggje og gjennomføre eigne turar med kart og kompass

  • Å meistre teltliv, båltenning og matlaging utandørs

  • Sette pris på og verne om naturen vår

Kombiner lidenskapen for data & gaming med magiske opplevingar i naturen: ski i skianlegg og offpiste, fjell- og hytteturar, bålkos og paintball. Godt miljø. Action og sol i Portugal, mange turar!

Lev draumen på Voss der teknologi møter eventyr! På linja "Data & Friluftsliv" får du den perfekte kombinasjonen av lidenskapen for data og gaming med magiske opplevingar i naturen. Her slepp du karakterpress og skulebenk. I staden får du utforske spennande fagområde som spelutvikling, koding, web og 3D, samstundes som du ladar opp med hytteturar, paintball og actionfylte opplevingar. Klasserommet ditt er både datarommet og den vakre naturen rundt Voss.

 

Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med.

Vi avslutter året med eit fallskjermhopp på Skydive Voss!

Du får bu i ekstremsporteldoradoet Voss. Oppleva eit eventyr gjennom studietur i store deler av alpane og Europa. Du får oppleva friluftslivet på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Du får dra på overnattingsturer i den fantastiske naturen Voss har å by på og du får mange gode opplevelsar rundt bålet, både med klassen og resten av skulen!

Etter eit fantastisk år med mange nye vennskap og store opplevingar.

 

Lev draumen! Velkomen til Voss!

Eirin Bang Gjul, elev

“Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt.”

Studieturer

Alpene og Europa

Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!

Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing og klatring.

Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.

Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.

Me har valgt å reisa med tog og buss for å:

  • nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise

  • ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil

  • kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været

  • kunne ha med nok utstyr

  • læra om å reise

  • reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly

Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!

Seiltur i Hardangerfjorden

På høsten reiser vi på en tre-dagers seiltur med Seilbåten Mathilde. Vi seiler i den vakre Hardangerfjorden og legger til kai på holmer og spennende småsteder underveis. Vi lærer om livet på en seilbåt, knuter og spennende fortellinger om store seilas. Bading midtfjords, soving i hengekøyer under dekk, fantstisk mat, klatring i riggen og tid til å bare slappe av og nyte utsikten. En fantastisk bli-kjent tur!

Telttur & båttur i Nærøyfjorden

Hver vår nyter vi de første nydelige vårdagene i Nærøyfjorden. Norges mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad!. Kun 45 minutter fra Voss Folkehøgskule. Flere linjar drar sammen på denne turen.

Vi camper i en ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Vi koser oss rundt bålet med god mat, bader o går tur langs postvegen. Ikke minst er det fint å finne roen sammen etter et aktivt år. Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur..