Du kjøper merchen på skulen
Me har ingen nettbutikk for merch og sender ikkje varer i posten. Alt sal går over disk på kontoret, og du betaler med Vipps eller kort.
Er du forelder, gamal elev eller berre innom Voss ein dag: ring gjerne på førehand, så legg me plagget til side og sjekkar at storleiken din er inne.
- Kvar
- Kontoret i Futagard, Eskelandsvegen 28
- Når
- Måndag–fredag 08:00–16:00
- Betaling
- Vipps eller kort
- Spørsmål
-
56 52 90 40
post@voss.fhs.no
Topografisk hoodie
699 kr
Tung bomull med børsta innside, av den typen som toler å bli brukt kvar dag i mange år. Det topografiske trykket får heile ryggen, medan det broderte merket framme held igjen. Passforma er romsleg utan å vere for vid. Stor i størrelsen, så vel ein storleik ned om du ikkje ønsker veldig baggy fit.
Storleikar
- XS
- S
- M
- L
- XL
- Farge
- Skogsgrøn
- Trykk
- Broderi framme, trykk på ryggen
- Nakke
- Eige halsmerke med skulelogoen
- Produksjon
- Prolog, i samarbeid med OriginalKopi
Topografisk t-skjorte
450 kr
Mjuk bomull med tett halskant som held forma. Grafikken er silketrykt her, og det gir dei tynne høgdekurvene rommet dei treng. Stor i størrelsen, så vel ein storleik ned om du ikkje ønsker veldig baggy fit.
Storleikar
- XS
- S
- M
- L
- XL
- Farge
- Naturkvit
- Trykk
- Broderi framme, silketrykk på ryggen
- Nakke
- Eige halsmerke med skulelogoen
- Produksjon
- Prolog, i samarbeid med OriginalKopi
Grafikken på ryggen
Trykket er teikna av illustratør Sveinung Sudbø i OriginalKopi. Høgdekurver og lokale stadnamn frå terrenget rundt skulen – fjella me går i og stadene me bruker ila eit skuleår.
Tanken bak plagga var enkel: ikkje berre eit plagg med ein logo på, men noko elevane framleis vil ha på seg lenge etter at skuleåret er over. Difor broderiet framme, difor eige halsmerke i nakken, og difor tyngre kvalitetar enn det ein skulegenser vanlegvis får.