• Bli med på et år fullt av adrenalin, mestring og spektakulære naturopplevelser i Ekstremsportbygda Voss! Her får du drive med det du elsker – fra elvepadling til episke skidager på pudderføre.

    Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut. Studietur til 

    Dette gjer vi

    • Køyre pudder og frikøyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).

    • Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø.

    • Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern.

    • Lære om vinterteltliv og overnatting ute.

    • Padle kajakk og SUP i verdskjende elver når snøen smeltar.

    • Utfordre deg sjølv i vindtunnel.

    • Avslutte halvåret med eit tandemhopp i fallskjerm.

    Her er vi

    • Voss resort - Vestlandets største skianlegg

    • Myrkdalen - Puddermekka

    • Nokon av verdas beste padleelver på Voss

    • Studietur til Soča Valley i Slovenia – Alpene sitt ekstremsportparadis med smaragdgrøn elv og rå natur. 

    Dette lærer du

    • Tryggleik og risikovurdering: Lær å ta trygge val i bratt terreng.

    • Frikøyring og topptur: Bli ein råare og tryggare skikøyrar.

    • Skredlære: Få kunnskap som er livsviktig i vinterfjellet.

    • Elvepadling: Meistre straum og bølgjer i kajakk og på SUP.

    • Klatring: Lær teknikkar for isklatring, klatring og rappellering.

    • Førstehjelp: Vere førebudd om uhellet skulle vere ute.

    • Samarbeid: Opplev kor viktig det er å stole på og sikre kvarandre.

  • På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv. Denne unike linja kombinerer begge delar! Her får du spele konsertar, stå på scena og dra på turné i eit kreativt miljø. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Du lærer begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø.

    Dette gjer vi

    Musikk

    • Samspel 

    • Varierte bandprosjekt der du lærer å lytte og samarbeide

    • Arbeider med låtskriving og arrangering i fellesskap

    • Vi nyttar stort studio og MacLab for innspeling og produksjon

    • Konsertar og får scenetrening

    • Kurs i folkemusikk hjå Ole Bull Akademiet

    Friluftsliv

    • Alpint i skianlegg, offpiste og i fjellet (årskort er inkludert)

    • Skitur

    • Fjelltur, hyttetur og telttur

    • Det blir mykje bålkos, gitar og allsong på tur

    • Klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på

    Dette lærer du

    • Utvikle instrumentale ferdigheiter gjennom aktivt samspel og bandprosjekt

    • Låtskriving, arrangering og studioteknikk

    • Musikkteori

    • Planleggje og gjennomføre konsertar og turnear – frå øvingslokalet til scena

    • Grunnleggjande ferdigheiter innan variert friluftsliv i fjellet, ved sjøen og i lufta

    • Bli en trygg og god skikjører.

    • Planlegge og gjennomføre egne turer med kart og kompass.

    • Mestre teltliv, båltenning og matlaging utendørs.

    • Å meistre utfordringar og å styrke samarbeidsevna både på scena og på tur

  • Er du klar for nye eventyr på Voss? Meistring og eventyr på fjellet eller i fjorden. Varierte idrettar, klatring, jakt og fiske om du vil. Naturen og tilbodet i bygda innbyr til eit spennande halvår.

     

    Denne linja er perfekt for deg som vil prøve mykje variert, som er glad i idrett, og som vil bygge solid kompetanse i friluftsliv. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass – naturen og tilbodet innbyr til allsidig og spennande aktivitet rett utanfor døra! Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, ski/brett og vennskap vil stortrivast her. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!

    Dette gjer vi

    • Klatring i Sogndal

    • Alpetur

    • Me overnattar i snøhole, iglo, telt og under open himmel

    • Det blir lange samtalar kring bålet, fiske og læring om turmat

    • Du utviklar deg i ski og snowboard teknikk i Voss Resort

    • Me nyttar skulen sin gymsal, nytt styrkerom og bygda sine idrettshallar

    Her er me

    • Fjellheimen og fjordane rundt Voss

    • Klatre i Sogndal

    • Alpetur Europa

    • Skuletur til Rosendal

    Dette lærer du

    • På denne linja bygger du viktig kunnskap for å ferdast trygt og godt ute

    • Læring i Kart og kompass, samt grunnleggjande Skredlære

    • Sikkert friluftsliv i både høgfjellet og ved kysten

    • Klatring (du kan ta brattkort) og buldring

    • Førstehjelp på tur

    • Mat på tur

    Denne linja er perfekt for deg som vil prøve mykje variert, som er glad i idrett, og som vil bygge solid kompetanse i friluftsliv. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass – naturen og tilbodet innbyr til allsidig og spennande aktivitet rett utanfor døra! Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, ski/brett og vennskap vil stortrivast her. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!

    Dette gjer vi

    • Klatring i Sogndal

    • Alpetur

    • Me overnattar i snøhole, iglo, telt og under open himmel

    • Det blir lange samtalar kring bålet, fiske og læring om turmat

    • Du utviklar deg i ski og snowboard teknikk i Voss Resort

    • Me nyttar skulen sin gymsal, nytt styrkerom og bygda sine idrettshallar

    Her er me

    • Fjellheimen og fjordane rundt Voss

    • Klatre i Sogndal

    • Alpetur Europa

    • Skuletur til Rosendal

    Dette lærer du

    • På denne linja bygger du viktig kunnskap for å ferdast trygt og godt ute

    • Læring i Kart og kompass, samt grunnleggjande Skredlære

    • Sikkert friluftsliv i både høgfjellet og ved kysten

    • Klatring (du kan ta brattkort) og buldring

    • Førstehjelp på tur

    • Mat på turtext goes here

  • Opplev magien og utvikle deg kreativt i et skapende miljø. Filmfestivaler, utstillinger, kortfilmer, kunstfoto, analog fotografi, mørkerom. Fantastisk natur! Vossa Jazz, Filmfestivalen i Gøteborg.

    På Foto & Kortfilm er det praktisk, kreativt og skapande arbeid som står i sentrum. Med støtte frå erfarne og prisvinnande lærarar får du realisert dei kreative ideane og prosjekta dine. Du får møte anerkjende gjestelærarar frå bransjen, og gjennom utforsking og eksperimentering utviklar du deg til å bli ein sjølvstendig filmskapar og fotograf.

    Dette gjer vi

    • Produserer og ferdigstiller kortfilmar som me sender til festivalar som Amandus og Minimalen.

    • Reiser på studietur til Gøteborg Filmfestival i februar for fagleg påfyll og inspirasjon.

    • Jobbar som festivalfotograf på Vossa Jazz og får oppleve unike artistar på nært hald.

    • Brukar årskortet i skianlegget og prøver spennande aktivitetar som rafting og vindtunnel.

    • Lagrar felles fotoutstillingar på skulen.

    Her er vi

    Skulen har eit levande kreativt miljø, og du får tilgang til ei rekkje verkstader og rom for å utfolde deg, blant anna:

    • Kinosal

    • Fotostudio og mørkerom

    • Redigeringsrom og Mac-lab

    • Musikkstudio

    • Kunst- og sløydsal

    Dette lærer du

    • Å utvikle og realisere eigne idear frå konsept til ferdig film eller fotografi.

    • Praktisk filmproduksjon, inkludert manus, regi, filming og redigering.

    • Både digital og analog fotografering, inkludert mørkeromsarbeid.

    • Å jobbe profesjonelt som event- og festivalfotograf.

    • Bruk av profesjonell programvare som Adobe Creative Suite.

    • Å planleggje og gjennomføre eigne kreative prosjekt og utstillingar.

  • Opplev meistring og vennskap på Bratt-linja! Ski, snowboard og frikøyring i park og bakke med vestlandets største alpinsenter rett i nærleiken. Det handlar om å ha det gøy og utfordre seg sjølv!

    Opplev vintermagi på halvårslinja til Bratt på Voss! Voss er eit ekte vintereldorado med rå fjell, utfordrande bakkar og to alpinanlegg rett i nærleiken. Her får du kjenne på friheit og meistring på ski og brett – i parken, i bakken og på urørte frikøyringslinjer med pudder. Fokuset vårt er enkelt: meistring, moro og vennskap. Som elev får du sesongkort i begge anlegga, slik at du kan køyre så mykje du vil. Vi drar til Alpene på studietur i 14 dagar!

    Dette gjer vi

    • Heisbasert køyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert).

    • Utforske frikøyringslinjer og jakte på pudder

    • Leke oss med hopp og rails i terrengparken

    • Lære kiting på snø over to dagar

    • Dødsing både innendørs og utendørs

    • Klatring

    Her er vi

    • Voss resort - Vestlandets største skianlegg

    • Myrkdalen - Puddermekka

    • Alpene

    Dette lærer du

    • Utvikle din personlege stil, teknikk og tryggleik på ski eller snowboard

    • Få personleg rettleiing som løftar ferdigheitene dine, uansett om du er nybyrjar eller erfaren

    • Park og Frikjøring

    • Dødsing

    • Klatring

    • Kiting 

    • Preski: trening, yoga, massasje 

  • Data & friluftsliv linjen - perfekt kombo! Kombiner lidenskapen for data & gaming, magiske opplevelser i naturen: ski i skianlegg og offpiste, fjell- og hytteturer, bålkos og paintball. Godt miljø!

    Lev draumen på Voss der teknologi møter eventyr! På linja "Data & Friluftsliv" får du den perfekte kombinasjonen av lidenskapen for data og gaming med magiske opplevingar i naturen. Her slepp du karakterpress og skulebenk. I staden får du skape, lære og utforske spennande fagområde som spelutvikling, koding og 3D, samstundes som du ladar opp med hytteturar, paintball og actionfylte opplevingar. Klasserommet ditt er både datarommet og den vakre naturen rundt Voss.

    Dette gjer vi

    • Køyrer masse på ski i skianlegg, offpiste og i fjellet (årskort er inkludert).

    • Drøymer oss bort på ein nydeleg vårtur til Nærøyfjorden.

    • Jobbar med dine eigne, sjølvvalde prosjekt innanfor datafaga.

    • Får høve til å prøve adrenalinfylte aktivitetar som klatring, vindtunnel og fallskjermhopp.

    • Raftar i dei kjende elvane på Voss når snøen smeltar.

    • Gaming, LAN og eSport er ein del av kvardagen.

    Dette lærer du

    Data

    • Koding, programmering og spelutvikling.

    • 3D-modellering og VR (virtuell røyndom).

    • Datasikkerheit og etisk hacking på ditt nivå.

    • Grafisk design med Adobe-pakka.

    • Å arrangere eigne LAN-parties og jobbe med eigne prosjekt.

    Friluftsliv

    • Bli ein trygg og god skikøyrar.

    • Å planleggje og gjennomføre eigne turar med kart og kompass.

    • Å meistre teltliv, båltenning og matlaging utandørs.

    • Grunnleggjande ferdigheiter i aktivitetar som rafting og klatring.