Ekstremsport
Ski & Elv
Det næraste du kjem fridom.
Du lærer
Frikøyring og topptur Bli ein råare og tryggare skikøyrar
Skredlære Få kunnskap som er livsviktig i vinterfjellet
Elvepadling Meistre straum og bølgjer i kajakk og på SUP
Klatring Lær teknikkar for isklatring, klatring og rappellering
Tryggleik og risikovurdering Lær å ta trygge val i bratt terreng
Førstehjelp Vere førebudd om uhellet skulle vere ute
Samarbeid Opplev kor viktig det er å stole på og sikre kvarandre
Matlaging på tur
Bli med på et år fullt av adrenalin, mestring og spektakulære naturopplevelser i Ekstremsportbygda Voss! Her får du drive med det du elsker – fra elvepadling til episke skidager på pudderføre.
Ekstremsport Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut.
Voss Folkehøgskule har det mest komplette tilbodet for ekstremsport i landet. Her møter du andre likesinna og bur midt i leikeplassen.
Og kva er vel kjekkare enn å dela ei kul linje og ei rå oppleving med nokon som er lika gira som deg sjølv? Jakt dei gode linjene på topptur og lær deg å ta trygge val i brattare terreng. Køyr pudder i Myrkdalen og i Voss Resort. Du får årskort i begge skianlegga.
Voss er kjend som eit Mekka for elvepadling og når snøen byrjar å smelta, får du utfordra deg i verdskjende elver både i kajakk og på SUP. Når halvåret nærmar seg slutten får du ein smakebit på endå ein klassikar på Voss, nemleg tandemhopp i fallskjerm hjå Voss Fallskjermklubb.
Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Målet er at du skal bli flinkare og tryggare i aktivitetane.
Blir det elvepadlar eller fallskjermhoppar av deg etter dette halvåret? Det er opp til deg. Uansett vil både DU og skikøyringa di blir råare og tryggare til neste vinter!
Lev draumen! Velkomen til Voss!
Dette gjer vi
Elvepadling i verdsklasse
Køyre pudder og frikøyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert)
Studietur til Soča Valley i Slovenia – Alpene sitt ekstremsportparadis med smaragdgrøn elv og rå natur
Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø
Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern
Lære om vinterteltliv og overnatting ute
Padle kajakk og SUP i verdskjende elver når snøen smeltar
Utfordre deg sjølv i vindtunnel
Solo/overlevelsesdøgn
Padletur i UNESCO-verdsarvområdet Nærøyfjorden; Padling, teltliv og fjelltur
Avslutte halvåret med eit tandemhopp i fallskjerm
Ane Lindskog, elev
“Ekstremsport Ski & Elv er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen.”
Studieturar.
Alpane og Slovenia - Padling, grotter, sykling
Til våren, etter ein lang skisesong, reiser me til dei Austre Alpane i Slovenia og padlar "resirkulert snø" i smaragd-elva Soca. Sykkeltur, grottevandring og Balkansk kultur og elvevern er også på menyen.
I 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige resiemål! Ekstremsport klassen sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.
Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me samarbeider og med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence. Action og samfunnsengasjement i samme tur!
Topptur med Basecamp i telt
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 6 dager
I september, medan det framleis er godt ver og varmt i vatnet, tek me turen til Sørlandet .
Etter hektiske veker med fallskjermhopping på Voss er det kjekt å gjere noko anna sosialt saman med klassen. På vegen stoppar me i Setesdal og tar oss eit bad i jettegrytene på Rysstad. Så går turen til Ny-Hellesund, med hyttetur, båtliv, fiske, vannsport, kajakkpadling og segling før me drar til Kristiansand og lærer oss også å surfe på surfebølga i Aquarama i Kristiansand.
I Tønsberg hopper me frå Noregs største fallskjermfly. Det er kjekt å prøve fallskjermhopping en ny stad etter mange hopp på Voss.
Havkajakk i Nærøyfjorden
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 3 - 5 dager
Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.
Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.
Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.