Kunst &
Natur
Ny linje!
TeNk Utfor Boksen
Drøymer du om å utforske kunsten din, få tid og rom til å vere kreativ – og finne ut kva du eigentleg vil uttrykkje? Då er Kunst & Natur-linja for deg. På Kunst & Natur handlar det ikkje om å vere «flink» på tradisjonell måte. Det handlar om å tore, teste, feile, leike, tenkje nytt – og slik finne ditt eige kunstnarlege uttrykk.
Du blir ein del av eit kreativt fellesskap saman med andre som brenn for å skape. På linja inspirerer vi kvarandre, deler idear, byggjer kvarandre opp – og lagar eit miljø der du verkeleg får blomstre. Du får arbeide praktisk med prosjekta dine, prøve mange ulike teknikkar og materiale – og verkeleg kjenne på skapargleda. Her er det heilt lov å tenkje stort, gå eigne vegar og gjere ting på din måte.
Gjennom året lagar vi eigne utstillingar – både på skulen og ute i lokalmiljøet. Vi dreg på turar og vitjar utstillingar, galleri og museum, både i Noreg og utlandet. I tillegg får du tid og rettleiing til å utvikle din eigen portefølje.
Skulen ligg fantastisk til, midt i vill og vakker vestlandsnatur – hit har kunstnarar kome i lang tid, nettopp for å skape. Vi hentar òg mykje inspirasjon ute i naturen. Vi tek med skisseboka på tur, finn roa langt frå skjerm og støy – og brukar naturen både som pusterom og drivstoff til nye idear.
På skulen vår boblar det av kreativitet! Her finn du eit unikt fellesskap av skaparglade med linjer som Fotografi & Kortfilm, Kunst og Natur, Musikk og Friluftsliv, og Datalinjene. Saman får vi idéar til å bli verkelegheit – vi lagar alt frå utstillingar, musikkvideoar og konsertar til episke LAN-parti som varer langt på natt.
Overalt finst det rom for å skape – eigne studio, verkstader og kreative soner der du kan eksperimentere, samarbeide og verkeleg sleppe laus fantasien.
Og om du vil kjenne litt ekstra på adrenalinet, kan du som elev på Kunst og Natur slenge deg med på ekstremsportspakken! Då får du oppleve noko av det som gjer Voss til ekstremsporthovudstaden; rafting i Vosso, klatring i høgda i klatreparken og sveving i vindtunnelen hos Voss Vind.
Her får du ikkje berre læring – du får opplevingar for livet.
Ekstremsportspakken kostar 2500,- i tillegg til linjeprisen.
Du lærer
Tegning
Trearbeid/sløyd
Akvarell
Keramikk
Trykk (lino og etsning)
Photoshop, Illustrator og InDesign
Landart
Redesign og søm
Kunsthistorie
Maling, olje og akryl
Foto/mørkerom
Videokunst
Yoga og meditasjon
Du har tilgang på
kinosal
kunstrom
sløydsal
tekstilrom
studio
mørkerom
datarom
redigeringsrom
musikkstudio
mac-lab.
Kven passar linja for?
Linja passer for alle som har interesse for kunst og kreativt skapende arbeid. Ingen forkunnskaper trengs. For deg som vil utvikle deg kreativt og vurderer videre studier i fagfeltet.
Vi ønsker at du viser engasjement og interesse for faget. Det er fint om du har et ønske om å utforske og utivkle deg faglig sammen med andre. I tillegg til å ha vije til å utfordre deg selv og prøve nye ting.
Daniel Whittle Stensland, folkevald for Høyre
“Å gå på Voss Folkehøgskule betydde ekstremt mye for meg. Nytt sted, nye venner og nye muligheter! Voss er et vanvittig flott sted og skolen og menneskene på skolen er bare enda bedre!”
Studieturar
Kunstmetropoler i Europa
Opplev Europas kunstmetropoler!
Bli med på en inspirerende studietur til noen av Europas mest pulserende storbyer – der kunst, kultur og kreativitet møtes i hver gate! Vi utforsker ikoniske museer, moderne gallerier og lokale kunstmiljøer i byer som Berlin, Paris og København. Dette er en unik mulighet til å hente inspirasjon, bygge nettverk og utvikle din kunstneriske stemme i møte med Europas rikeste kunstscener.
Me planlegg turen saman slik at turen blir «vår», med fokus på samhald, turglede og felles opplevingar.
Eurofilmfest i Praha & Brno
Vårens høydepunkt!
I april drar vi til Eurofest Film Festival i Praha og Brno – en helt fantastisk filmfestival med alt fra internasjonale spillefilmer til inspirerende kortfilmer og spennende kunstfilmer.
Det blir den perfekte avslutningsturen med vårsol, filmglede og festivalstemning i nydelige Praha og studentbyen Brno!
Mellom filmvisningene får vi tid til utstillinger, konserter, vintagebutikker og byvandring – kort sagt alt som gjør Praha og Brno til ekte vårfavoritter.
Skuletur til Hardanger
I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.
På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.
Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.
BIFF - Bergen Internasjonale FilmfestivaL
Hvert år reiser vi på Biff Internasjonale Film Festival i Bergen, en av norges fineste filmfestivaler. Vi ser dokumentarer, spillefilmer og spennede førpremierer. Vi er med på Q&A's, filmsamtaler og får oppleve masse god festivalstemning. Vi besøker også utstillinger og Norges flotteste analoge fotobutikk, med alt du kan drømme om av filmruller, kameraer og mye annet.
Stølstur til Upsete
Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret.
Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta.
Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen.
Bli med oss på stølstur til sommaren!
Andre fordelar med å gå på Voss folkehøgskule
-
Årskort i Voss resort og gondol
Verdi 8 950 kr
-
Full Adobe-pakke til alle elevar
Verdi 11 880 kr
-
Gratis treningssenter på skulen
Verdi ca. 3 500 kr
-
Rabatt på skandinavisk høyfjellsutstyr
15% rabatt heile året, i tillegg til kundekvelder med gode rabattar opptil 50%
-
Gratis skulegensar
Verdi 500 kr
-
Fri bruk av skulens hytte
Ligg ved sida av dagsturhytta på Klepp (Hangurstoppen)
-
Tilgong til skulens utstyr utanom skuledagen
Friluftslivutstyr, kajakkar, SUP, musikkinstrument, MAC-labar, skiutstyr mm.
-
Microsoft-pakke for studentar
Nettbaserte versjonar (web-versjonar) av kjerne Office-apparata: Word, Excel, PowerPoint og OneNote.
Prisar skuleåret 2026-27
Priskalkulator
Totalkostnad
med atterhald om endringar
Valfag, fellesfag og skuleturar
I tillegg til linjefag består året og av valgfag, fellesfag og skoleturer. Kva valfag vi har varierer frå år til år, men nokon av gjengangarane er vindtunnel, skiinstruktør, knivlaging, prehab, vindtunnel, yoga, naturkjennskap, try it, treskjæring, stup og symijing, paragliding og havkajakk.
Fellesfag kan være foredrag, prosjekt, dugnad og turar.