Ekstremsport
Bratt
Lev vertikalt
Vil du leve livet på kanten, kjenne adrenalinet bruse og oppleve ekte meistring i naturen? Då er Bratt-linja på Voss folkehøgskule noko for deg! Her får du eit år fullt av ski, snowboard, klatring, stisykling og andre ekstremsportar – midt i hjartet av Noregs ekstremsport-eldorado.
Voss folkehøgskule har Norges mest spennande moglegheit for ski, snowboard og ekstremsport. Bratt-linja er for deg som vil bruke tid på å utforske fleire ekstremsportar, køyre mykje på ski/snowboard og leike deg i naturen på Voss. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit unikt samhald og gode vennskap på linja. Store opplevingar blir det garantert.
Køyr stisykkel, ski eller snowboard ned fra fjellet til skulen. Lær deg å klatre og følg vinden i kiten på Hardangervidda. Køyr djup pudder i Myrkdalen og i Voss Resort. Du får årskort begge stader. Me legg opp til mykje køyring og leik på ski og brett. Frikøyring og park.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og her finn du sykkelløyper og skiløyper i verdsklasse! I tillegg får du oppleva eit eventyr gjennom studietur i store deler av alpane og Europa.
Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med. Du får oppleva friluftslivet på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Du får dra på overnattingsturer i den fantastiske naturen Voss (vestland) har å by på og du får mange gode opplevelsar rundt bålet, både med klassen og resten av skulen! Vi avslutter året med eit fallskjermhopp på Skydive Voss!
Etter eit fantastisk år med mange nye vennskap og store opplevingar.
Dette gjer vi
Heisbasert ski og snowboard køyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort inkludert)
Heisbasert Frikøyring og pudderjakt
Hopp og rails i terrengpark
Kiting på snø
Dødsing inne og ute
Klatring inne og ute, moglegheit for brattkort
Stisykling på Voss og i Noregs beste bikepark
Rappellering
Buldring
Rafting
Vindtunnelflyging
Tandem fallskjermhopp
Kven passar linja for?
Ekstremsport Bratt passer for deg som er eventyrlysten og vil utfordra deg sjølv. Du treng inga erfaring frå før – vi tilpassar alt etter ferdigheitene dine. Det viktigaste er at du vil vere med på moroa, meistringa og vennskapet!
Lev draumen. Velkomen til Voss – velkomen til Bratt!
Du lærer
Teknikk og tryggleik på ski eller brett – både park, bakke og frikøyring
Personleg rettleiing tilpassa ditt nivå – frå nybyrjar til erfaren
Kiting
Dødsing
Stisykling, med fokus på meistring og utvikling
Klatring inne og ute (moglegheit for brattkort-sertifisering)
Basistrening retta mot ski og snowboardtrening
Enkle massasjeteknikkar for såre muskler etter ski og snowboard
Eirin Bang Gjul, elev
“Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt.”
StudieturAr
Alpene og Europa
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing og klatring.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.
Me har valgt å reisa med tog og buss for å:
nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
kunne ha med nok utstyr
læra om å reise
reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!
Klatreparadis i Bergen
Bli med oss på fleire kjekke turar! Me dreg på overnattingstur til klatreparadiset på Sotra utanfor Bergen. Nydelege forhold for både klatring og bading!
Sykkeltur til Hafjell
Hafjell Bike Park er ledende i Norge på heisbasert sykling. Løypene passer alle ferdighetsnivåer, fra helt nybegynner til mer erfarne syklister. Vi skal sykle to dager!
Kitekurs
Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda.
Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyg" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane.
Andre fordelar med å gå på Voss folkehøgskule
-
Årskort i Voss resort og gondol
Verdi 8 950 kr
-
Full Adobe-pakke til alle elevar
Verdi 11 880 kr
-
Gratis treningssenter på skulen
Verdi ca. 3 500 kr
-
Rabatt på skandinavisk høyfjellsutstyr
15% rabatt heile året, i tillegg til kundekvelder med gode rabattar opptil 50%
-
Billigare inngang på vossabadet
Betal 65 kr istadenfor 110 kr
-
Fri bruk av skulens hytte
Ligg ved sida av dagsturhytta på Klepp (Hangurstoppen)
-
Tilgong til skulens utstyr utanom skuledagen
Friluftslivutstyr, kajakkar, SUP, musikkinstrument, MAC-labar, skiutstyr mm.
-
Microsoft-pakke for studentar
Nettbaserte versjonar (web-versjonar) av kjerne Office-apparata: Word, Excel, PowerPoint og OneNote.
Priskalkulator
Totalkostnad
med atterhald om endringar
Valfag, fellesfag og skuleturar
I tillegg til linjefag består året og av valgfag, fellesfag og skoleturer. Kva valfag vi har varierer frå år til år, men nokon av gjengangarane er vindtunnel, skiinstruktør, knivlaging, prehab, vindtunnel, yoga, naturkjennskap, try it, treskjæring, stup og symijing, paragliding og havkajakk.
Fellesfag kan være foredrag, prosjekt, dugnad og turar.