Fotografi & Kortfilm
TeNk Utfor Boksen
På Fotografi og Kortfilm-linja får du gjere det på ekte – kamera i handa, idé i hovudet og med støtte frå dyktige, prisvinnande lærarar. Her handlar det om å skape, teste, feile og treffe. Du utviklar din eigen stil som fotograf og filmskapar, med hjelp frå både lærarar og gjestelærarar som faktisk jobbar i bransjen. Klar for å lage noko som betyr noko?
Vi jobbar både digitalt og analogt med fotografi og lagar utstillingar undervegs. Opplev mørkerommet si magi og utforsk gamle teknikkar med ei moderne vri. Vi lagar kortfilmar med mål om å nå filmfestivalar som Amandus og Minimalen. Dei siste åra har filmane våre blitt både viste og nominert! Haustsemesteret kickstartar med førpremierar på Bergen Internasjonale Filmfestival. I løpet av hausten dreg vi til ein foto- og filmmetropol i Europa, og om våren dreg vi til Eurofilmfest i Praha/Brno.
Alle elever på linja får tilgang til full Adobe Creative Suite pakke.
Sjekk oss ut på @vossfhsfilmfoto og https://www.youtube.com/channel/UCRGHz31j-OZj8IC9VbkDfSA
På skulen vår boblar det av kreativitet! Her finn du eit unikt fellesskap av skaparglade med linjer som Fotografi & Kortfilm, Kunst og Natur, Musikk og Friluftsliv, og Datalinjene. Saman får vi idéar til å bli verkelegheit – vi lagar alt frå utstillingar, musikkvideoar og konsertar til episke LAN-parti som varer langt på natt.
Overalt finst det rom for å skape – eigne studio, verkstader og kreative soner der du kan eksperimentere, samarbeide og verkeleg sleppe laus fantasien.
Og om du vil kjenne litt ekstra på adrenalinet, kan du som elev på Fotografi og Kortfilm slenge deg med på ekstremsportspakken! Då får du oppleve noko av det som gjer Voss til ekstremsporthovudstaden; rafting i Vosso, klatring i høgda i klatreparken og sveving i vindtunnelen hos Voss Vind.
Her får du ikkje berre læring – du får opplevingar for livet.
Du lærer
Analogfoto
Lyssetting
Kamerateknikk
Mørkerom
Ideutvikling
Fortellerteknikker
Manus
Premier
Photoshop
Du har tilgang på
kinosal
kunstrom
sløydsal
tekstilrom
studio
mørkerom
datarom
redigeringsrom
musikkstudio
mac-lab.
Kven passar linja for?
Linja passar for alle som har interesse for fotografi og filmskaping, ingen forkunnskaper trengs. For deg som vil utvikle deg kreativt og vurderer videre studier i fagfeltet.
Vi ønsker at du viser engasjement og interesse for faget. Det er fint om du har eit ønske om å utforska og utivkla deg fagleg saman med andre. I tillegg til å ha vilje til å utfordra deg sjølv og prøva nye ting.
Julian Øien, filmproduksjon hjå Radmager Film
“Før jeg begynte på Voss hadde jeg ingen praktisk erfaring med det å skrive manus, regissering eller redigering. Har skrevet, filmet og produsert filmer. Har du lyst å utfordre deg selv, er film- og fotolinjen på Voss en perfekt plass å begynne!”
Studieturer
Interrail i Europa
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
På høsten reiser Fotografi & Kortfilm på interrail gjennom Europa. Vi besøker spennende storbyar og drar på ustillinger, festivaler og konserter - en fantastisk togreise! Ofte blir det et stopp i Berlin der vi besøker gallerier og ser fotokunst i verdens klassen. I november arrangeres Paris Photo Fair, en av Europas viktigste visningssteder for fotografi, vi er såklart der og opplever samtidig nydelige Paris. I løpet av turen finner vi alltid litt sol og vårstemning, vi skal såklart også se mange gode filmer og gå på noen konserter. I København får vi et innblikk i hva som trender innen ung skandinavisk fotografi.
Vi planlegger turen sammen slik at turen blir «vår», med fokus på samhold, turglede og felles opplevelser!
Stølstur til Upsete
Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret.
Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta.
Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen.
Bli med oss på stølstur til sommaren!
Gøteborg Film Festival
Obligatorisk: Nei
Gøteborg Film Festival er Nordens ledende filmfestival med både internasjonale spillefilmer og kortfilmer på programmet. Vi reiser til Gøteborg i februar for å finne inspirasjon og for å få en pause i eget arbeid med kortfilmer til Amandusfestivalen. En perfekt avveksling fra klasserommet til fantastiske Gøteborg, en by full av ustillinger, konserter, foodtrucks og vintagebutikker.
Telttur & båttur i Nærøyfjorden
Hver vår nyter vi de første nydelige vårdagene i Nærøyfjorden. Norges mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Kun 45 minutter fra Voss Folkehøgskule. Fotografi & Kortfilm og Data & friluftsliv dreg samen på turen.
Vi camper i en ramme av stupbratte, snødekte fjell, ville fossefall og levande kulturlandskap. Vi koser oss rundt bålet med god mat, bader og går tur langs postvegen. Ikke minst er det fint å finne roen sammen etter et aktivt år. Data & friluftsliv padlar havkajak til leiren, medan Fotografi & Kortfilm tek båt. Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur. Det er balsam for sjela å møte våren i dette landskapet i lag med gode venner.
Skuletur til Hardanger
I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.
På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.
Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.
Andre fordelar med å gå på Voss folkehøgskule
-
Årskort i Voss resort og gondol
Verdi 8 950 kr
-
Full Adobe-pakke til alle elevar
Verdi 11 880 kr
-
Gratis treningssenter på skulen
Verdi ca. 3 500 kr
-
Rabatt på skandinavisk høyfjellsutstyr
15% rabatt heile året, i tillegg til kundekvelder med gode rabattar opptil 50%
-
Gratis skulegensar
Verdi 500 kr
-
Fri bruk av skulens hytte
Ligg ved sida av dagsturhytta på Klepp (Hangurstoppen)
-
Tilgong til skulens utstyr utanom skuledagen
Friluftslivutstyr, kajakkar, SUP, musikkinstrument, MAC-labar, skiutstyr mm.
-
Microsoft-pakke for studentar
Nettbaserte versjonar (web-versjonar) av kjerne Office-apparata: Word, Excel, PowerPoint og OneNote.
Prisar skuleåret 2026-27
Priskalkulator
Totalkostnad
med atterhald om endringar
Valfag, fellesfag og skuleturar
I tillegg til linjefag består året og av valgfag, fellesfag og skoleturer. Kva valfag vi har varierer frå år til år, men nokon av gjengangarane er vindtunnel, skiinstruktør, knivlaging, prehab, vindtunnel, yoga, naturkjennskap, try it, treskjæring, stup og symijing, paragliding og havkajakk.
Fellesfag kan være foredrag, prosjekt, dugnad og turar.