OPPTAKSINFORMASJON
(+47) 56 52 90 40

6 linjer – 30 valfag – 4 reiser

Valgfag

Valfag er din moglegheit til variasjon og fordjuping.

Valfaga våre er: Luftsport, Snøbrett, Frikøyring, Alpint, Film, Teikning/måling, Naturkjennskap, Yoga, Band, Skitur, Filosofi, Foto, Trening, Sløyd, Ballspel og Matlaging (med atterhald om endringar).

Valfaga gir deg moglegheit til å gjere noko heilt anna enn du gjer på linja – eller til å gjere endå meir!

Reiser

Reis og opplev andre land og kulturar! Skap minne for livet! – nypreppa løyper, attraksjonar, ny teknologi, trening, konsertar – og glede saman med vener. Vi har 4 reiser du kan velje mellom:

•    Alpane: ski i Tirol
•    La Santa:trening på Kanariøyane
•    Storbritannia: London/Liverpool/Edinburgh
•    USA: Silicon Valley/LA/Hollywood

 

Om Voss

Voss ligg midt i fantastisk natur mellom fjell og fjord på Vestlandet. 1 time frå Bergen og 5 timar frå Oslo. Mykje å oppleve og lett å komme til. Eit av dei beste skianlegga i Nord-Europa, verdskjende elevar, leikeplass for ekstremsportsutøvarar frå heile verda, rikt kultur- og idrettsliv og bra butikk- og servicetilbod – ei perfekt ramme for ditt folkehøgskuleår.

 

Om skulen

Voss folkehøgskule gir deg eit år med

•    utfordringar og meistring
•    faglege ferdigheiter og ny kunnskap
•    sosialt fellesskap med nye vener og gleder

No kan du velje eit år på ein av Noregs vakraste skular. Vi har hatt tusenvis av fornøgde elevar sidan starten i 1895.

 

Viss du vel Voss

får du eit folkehøgskuleår du aldri vil gløyme. Fantastisk natur, eit vakkert skuleanlegg, ein fot i gode tradisjonar, og ein fot i framtida.
Vi har stor breidde i fagtilbodet vårt. Her kan du bruke nokre av dei beste skibakkane i Nord-Europa, du kan spele inn musikken din i studio, lage LAN med resten av skulen, hoppe i fallskjerm, og mykje meir: berre sjå!
Vi vil gjere vårt for å gi deg kunnskap, ferdigheiter – og eit hjarte for andre. Når du har eit godt liv saman med andre – har andre eit godt liv med deg. Det er det vi treng – kva vil du?

Lasse Sandberg, rektor

Følg oss i sosiale medier

Hald deg oppdatert på kva som skjer på Voss Folkehøgskule.

Følg oss på Facebook, Instagram og You Tube.

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule
og har rundt 100 elevar. Skulen har sidan starten i 1895
teke imot elevar med ulik bakgrunn frå
heile landet.