Ekstremsport
Ski & Elv
Det næraste du kjem
naturkreftene
Bli med på eit år fullt av adrenalin, meistring og spektakulære natur-opplevelsar i Ekstremsportbygda Voss! Her får du alt frå grundig opplæring i elvepadling til episke skidagar på pudderføre.
Ekstremsport Ski & Elv er linja for deg som vil bruke årstidene til det beste og vere ute uansett vêr! Vi kombinerer snø og vatn for å leike og lære i. Når pudderalarmen går, er vi i skianlegget. Er det nysnø på fjellet, tek vi på fellene. Frys fossane til is, klatrar vi. Og når regnet kjem, padlar vi – i elva blir du våt uansett. Linja passar for deg som har stått litt på ski før og synest elvepadling ser både skummelt og veldig artig ut.
Voss Folkehøgskule har det mest komplette tilbodet for ekstremsport i landet. Her møter du andre likesinna og bur midt i leikeplassen.
Og kva er vel kjekkare enn å dela ei kul linje og ei rå oppleving med nokon som er lika gira som deg sjølv? Jakt gode linjer på topptur, finn eigne løysingar i klatreveggen og lær deg å ta trygge val i brattare terreng.
Voss er kjend som sjølvaste Mekka for elvepadling og får du utfordra deg i verdskjende elver både i kajakk og packraft. Når året nærmar seg slutten får du ein smakebit på endå ein klassikar på Voss, nemleg tandemhopp i fallskjerm hjå Voss Fallskjermklubb.
Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Målet er at du skal bli flinkare og tryggare i aktivitetane.
Blir det elvepadlar, klatrer eller fallskjermhoppar av deg etter dette året? Det er opp til deg. Uansett vil både DU og skikøyringa di blir råare og tryggare til neste vinter!
Elvepadling blir for mange ein livsstil og lidenskap for naturen - det handlar om fellesskap, naturopplevingar og å sjå verda på ein ny måte. Spenninga ved å navigere gjennom fossar og stryk gir deg ikkje berre adrenalin, men også ei djup kjensle av samhald og respekt for naturen. Du lærer ferdigheiter som sikring og redning, møter folk frå heile verda og får oppleve at elva kan forme både dagen og identiteten din. Blir det starten på noko større – eit eventyr, eit fellesskap, ein karriere? Elva finn alltid ein veg – følg den, og finn din!
Dette gjer vi
Elvepadling i verdsklasse
Køyre pudder og frikøyring i Myrkdalen og Voss Resort (årskort er inkludert)
Studietur til Soča Valley i Slovenia – Alpene sitt ekstremsportparadis med smaragdgrøn elv og rå natur
Gå på toppturar med skifeller for å finne urørt snø
Klatre i islagte fossar med isøks og stegjern
Lære om vinterteltliv og overnatting ute
Padle kajakk og SUP i verdskjende elver når snøen smeltar
Utfordre deg sjølv i vindtunnel
Solo/overlevelsesdøgn
Padletur i UNESCO-verdsarvområdet Nærøyfjorden; Padling, teltliv og fjelltur
Avslutte halvåret med eit tandemhopp i fallskjerm
Du lærer
Elvepadling - NPF Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
Alpint - Frikøyring og topptur
Snøskredlære
Klatring/buldring - NKF Brattkort
Havpadling - NPF Grunnkurs
Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
Elveredning
Synfaring og "lesing" av elv
Tryggleik og risikovurdering
Førstehjelp
Turplanlegging
Friluftsliv
Vinterfriluftsliv
Kven passar linja for?
Er du eventyrlysten, nysgjerrig og klar for å pushe grensene dine? Då er dette linja for deg! Ingen forkunnskapar i padling eller klatring er nødvendige, men du må ha erfaring med alpinski.
Ane Lindskog, elev
“Ekstremsport Ski & Elv er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen.”
Studieturar
Alpane og Slovenia - Padling, grotter, sykling
Til våren, etter ein lang skisesong, reiser me til dei Austre Alpane i Slovenia og padlar "resirkulert snø" i smaragd-elva Soca. Sykkeltur, grottevandring og Balkansk kultur og elvevern er også på menyen.
I 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige reisemål! Ekstremsport klassen sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.
Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me samarbeider og med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence. Action og samfunnsengasjement i samme tur!
Solodøgn
Du har fått meir erfaring med telt og tarp, no er det på tide å klare seg heilt aleine eit døgn med begrensa utstyr!
I tregrensa vert du sendt ut med litt tau, tarp, ein kniv og ei pakke fyrstikker. Ingen elektroniske forstyrringar, ingen klokke, berre deg og naturen. Eit døgn seinare møtes klassen for å dele erfaringer og skrøner. Såg du haren? Fekk du fyr på bålet eller vart det kald mat? Turen flest gruer seg til i forkant og er mest gira over etterpå!
Varigheit: 1 døgn aleine + reisetid.
Toppturar med basecamp I Vossafjell!
Når kunnskap og ferdigheiter om skredlære og vinterteltling aukar set me av ei av «linjevekene» til toppturar i Vossafjell: Me riggar basecamp med telt og bålplass og søv mellom fjellsidene me køyrer. Forvent stillheit, stjernehimmel, rypekurring utenfor teltduken og gledeshyl nedover fjellsidene. Store linjer og din signatur i snøen!
Varigheit: 5 dagar
Telttur utan lærar
Etter å ha blitt kjend med utstyr og lært nye tips og triks blir det telttur uten lærer.
Klassen må sjølv finne ut av distanse, tidsbruk, orientering og arbeidsfordeling.
Korleis endrar gruppedynamikken seg når læraren ikkje er med? Tar du meir ansvar? Bli det krangling eller ekstra artig? Opp til DYKK.
Varigheit: 2 dagar
Elvevandring med tarp og bålmat
Synfaring og «lesing» av elv er ein viktig del av elvepadlinga og gjer deg til ein betre padlar. Me går tur langs den varig verna Raundalselva, ser på linjevalg og jobbar med risikovurdering. Halvvegs i turen riggar me camp på ei øy midt i elva og lagar årets beste måltid på bål!
Varigheit: 2 dagar
Havkajakk i Nærøyfjorden
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 3 - 5 dager
Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.
Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.
Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.
Elvepadling og lavvooliv!
Første linjeveke går med til elvepadling og lavvoliv. Dei første dagane blir det dusj og overnatting på skulen før me pakkar med oss alt me treng og bur i lavvo rett ved elva!
Varighet: 5 dagar
Andre fordelar med å gå på Voss folkehøgskule
-
Årskort i Voss resort og gondol
Verdi 8 950 kr
-
Full Adobe-pakke til alle elevar
Verdi 11 880 kr
-
Gratis treningssenter på skulen
Verdi ca. 3 500 kr
-
Rabatt på skandinavisk høyfjellsutstyr
15% rabatt heile året, i tillegg til kundekvelder med gode rabattar opptil 50%
-
Gratis Skulegensar
Verdi 500 kr
-
Fri bruk av skulens hytte
Ligg ved sida av dagsturhytta på Klepp (Hangurstoppen)
-
Tilgong til skulens utstyr utanom skuledagen
Friluftslivutstyr, kajakkar, SUP, musikkinstrument, MAC-labar, skiutstyr mm.
-
Microsoft-pakke for studentar
Nettbaserte versjonar (web-versjonar) av kjerne Office-apparata: Word, Excel, PowerPoint og OneNote.
Priskalkulator skuleåret 26-27
Totalkostnad
med atterhald om endringar
Valfag, fellesfag og skuleturar
I tillegg til linjefag består året og av valgfag, fellesfag og skoleturer. Kva valfag vi har varierer frå år til år, men nokon av gjengangarane er vindtunnel, skiinstruktør, knivlaging, prehab, vindtunnel, yoga, naturkjennskap, try it, treskjæring, stup og symijing, paragliding og havkajakk.
Fellesfag kan være foredrag, prosjekt, dugnad og turar.
