Om Voss

Voss er ei utprega idretts- og kulturbygd, omkransa av fjell og fantastiske fjordlandskap. Her har du tilgang på rike naturopplevingar heile året.

Ekstremsportveko går av stabelen på Voss kvar vår, og like ved skulen ligg eit av Nord-Europas beste alpinanlegg: Voss Resort/Bavallen.

Voss kan dessutan by på eit rikt kulturliv, med godt konsert- og kinotilbod. Hit kjem studentar frå heile landet for å studere musikk ved Ole Bull Akademiet. I starten på påska vert den årlege festivalen Vossa Jazz arrangert her. Voss har eit variert kunst- og handverksmiljø og er kjent for sine mattradisjonar.
 
11991098 10206133089505311 965714424 oVoss er ein levande bygdeby med omlag 14 000 innbyggjarar. Halvparten av desse bur i sentrumsområdet på og kring Vossevangen. Voss er eit servicesenter for eit område med ca. 25 000 menneske, og med sine 1815 kvadratkilometer det den største kommunen i Hordaland fylke. Voss sentrum ligg berre ca. 55 moh.

Voss har ca. 500 frivillige lag/organisasjonar. Av desse er 40 idrettsorganisasjonar og du finn mange ulike idrettsanlegg på Voss.

Voss har godt med kultur- og fritidstilbod som konsertar, kino, underhaldning, restaurantar, pubar. Kulturlivet spenner frå bunad og hardingfele til jazzklubb, kunstgalleri, symfoniorkester og festivalar.

Voss er eit trafikknutepunkt med godt utvikla kommunikasjon til og frå heile Sør-Noreg med anten tog eller buss. Bergensbanen og stamvegen (E16) går gjennom kommunen.

Det går fleire tog til Oslo og Bergen dagleg. Reisetida er 1t og 15 min med tog til Bergen, og 5,5t med tog til Oslo. Bergen, Lillehammer, Kristiansand og Haugesund kan du òg nå med buss. På Flesland utanfor Bergen ligg den internasjonale flyplassen.

 

 VossaDusj

KVA FINST PÅ VOSS?

•    Alt du trenger av butikkar
•    Kulturhus med bibliotek
•    Kino med fleire salar
•    Tog og buss til heile Sør-Noreg
•    Voss Resort, eit av dei største og beste skianlegga i Nord-Europa
•    Myrkdalen skisenter
•    Skiarena
•    Verdas beste elvar å padle i
•    Nærleik til fjell og vidder, elvar og skog
•    Festivalar og konsertar: frå hardingfeletonar til jazzsax…
•    Restaurantar og pubar
•    500 frivillige lag/organisasjonar
•    40 idrettsorganisasjonar
•    mange ulike idrettsanlegg
•    Ca 25.000 innbyggarar