Voss Folkehøgskule er ein frilynt og allmenndannande skule som byggjer på Grundtvig sitt menneskesyn og pedagogiske idé.

Sentralt står eit positivt menneskesyn og respekten for mennesket som heilskap.

Norsk kultur og tradisjon er viktig i skulen si verdiformidling.


Voss Folkehøgskule skal

•    Arbeide for fellesskap i eit trygt miljø
•    Hjelpe elevane til auka sjølvinnsikt
•    Legge til rette for skapande prosessar
•    Fremje toleranse og respekt for menneske og natur
•    Vere brubyggjar mellom gammal og ny kultur
•    Førebu elevane på eit aktivt samfunnsliv

 

Verdigrunnlaget og målsettinga skal liggje til grunn for all undervisning og alle aktivitetar ved skulen.

 

Trykk her så finn du skulen sine ordensreglar på nynorsk.

Trykk her så finn du skulen sine ordensreglar på bokmål.

 SB0B2124