Heime er Bodil mor til to. På jobb har ho ansvar for 110 ungdomar! Er det nokon som er sjuke og ikkje kan delta i undervisning? Bodil har kontroll og ser til alle elevane. Ho sjekkar vask av rom og gir rettleiing. Lurer du på forskjellen mellom klesvask på 40 og 60 gradar? Praktiske spørsmål eller om du treng ein trygg vaksen å prate med - det er ein grunn til at internatleiar kallast husmor!