Vi er så heldige å ha ein vaktmeistar som bur på skulen! Det gir ei ekstra stor sikkerheit. Kjetil si viktigste oppgåve er at internat- og skulebygga er funksjonelle, trygge og sikre for elevane. Han er verneombod, vaktmeistar og brannvernansvarleg. På fritida er Kjetil aktiv innan orienteringsløping. Han vil nok løpe i frå dei fleste lærarar og elevar i motbakkeløp, om nokon tek utfordringa!