I si ungdomstid var Bjørn ein "datanerd". Han veit kva det vil seie å ha mange, mange timar foran skjermen. Bjørn har bachelorgrad i informatikk, og har jobba mykje med spelutvikling, programmering og entreprenørskap. Han har ei variert arbeidserfaring frå barnehage, frivillig sektor og ikt-bedrifter. Bjørn er frå Sverige og er sterk tilhenger av samarbeid i Norden. Gift med ei vossing.