Voss Folkehøgskule får kvart år mange søknader og det kan derfor lønna seg å søkja tidleg. 

 

Opptaket startar frå 1. februar og er basert på desse kriteria:

  • Når søknaden er motteken. Å søke tidleg er ein fordel
  • Komplett søknad inkludert nyaste karakterprotokoll med fråværsoversikt
  • Jevn kjønnsfordeling
  • Kapasitet på linjene
  • Dokumentert tidlegare skulegong, kurs og eventuelt arbeid
  • Opplyst motivasjon, interesse og forventningar vert vektlagt
  • Faglege kriterier
  • På nokre linjer må du ha noko forkunnskap - skiferdigheter, helseattest, sikkerhetsattest.

 

Dersom du har eller har hatt fysiske eller psykiske utfordringar, adferdsproblem, rusproblem og/eller høgt fråvær er du forplikta til å informere oss om dette og evt ettersende dokumentasjon. Vårt ønske er at alle elever skal få eit fullverdig år hos oss, erfaring viser at det får vi best til ved åpenhet og dialog i forkant av skulestart.

 

Søknadar til nytt skuleår vert handsama fortløpande og du får sms og/eller epost om du har fått plass eller ikkje.

 

Angrefristen gjeld i hht. Angrerettslova kap. 3.

Voss Folkehøgskule har 18-års aldersgrense.

Du må fylle 18 år før 1. januar det skuleåret du vil gå på Voss Folkehøgskule.

 

Lykke til i søkjeprosessen og ta kontakt om du har spørsmål!

 

bilde