Internat, mat og kosthald

Internat
Folkehøgskulane er internatskular. Du bur (vanlegvis) i dobbeltrom. Her kan du trekkje deg tilbake, men òg ta del i ein fellesskap. Du vil bu tett på andre menneske med ulik bakgrunn og vil lære toleranse og medansvar, og å bli både ein medspelar og ein motspelar.

Nytt eller gammalt, med eller utan eigen dusj og toalett – det vert livleg, alvorleg, inderleg, trygt, intenst og verdifullt.

 

Voss Folkehøgskule har to store internat og eit lite:
Midtgard har plass til ca. 60 elevar. 50 bur i dobbeltrom. Alle romma har eigen dusj og toalett. 10 på enkeltrom - dublett - eget rom, 2 stk deler bad og gang.
Jomsborg har plass til ca. 40 elevar fordelt på enkelt- og dobbeltrom. Her er det dusj og toalett i gangane, men det er vask på romma. Jomsborg er eit gamalt internat, men alle romma er moderniserte i 2015 og er lyse og fine.
Oppigard har plass til ca. 10 elevar i enkle og doble rom. Romma har vask, og dusj og toalett er på gangen.

 

 

Mat og kosthald
Mat er viktig for både god helse og god trivsel. På Voss får du god og sunn mat. Vi arbeider for å bruke meir og meir lokale råvarer og å lage maten frå botnen av.

Kokkane på kjøkkenet lagar variert og god mat og gjer sitt til at måltida blir viktige næringsstasjonar og møteplassar.

 

Til kvardags
Frukost: kornblandingar, brød, diverse pålegg, frukt og grønt, kaffi, te, juice og mjølk
Lunsj: varierer mellom: niste, salatbord, supper, brød og pålegg, kaffi og te
Middag: rettar frå vekemenyane, både god norsk kost og «nyare» rettar
Kveldsmat: brød, pålegg og kaffi, te, juice og mjølk


 
I helgane
I helgane inneheld måltida litt ekstra. Søndagsfrukosten har ferske rundstykke og egg, og søndagsmiddagen dessert.