Kvifor velje Voss Folkehøgskule

Når du vel folkehøgskule vel du ofte fag og linje først. Kva er det du vil lære?

 

Vi har 6 linjer og små og store valfag.

 

På folkehøgskule får du lære mykje meir enn fag. Du skal lære å arbeide og leve saman med andre. Det faglege og det sosiale går hand i hand med menneskeleg utvikling. Du lærer deg sjølv å kjenne i møte med andre. Her er det ikkje karakterar – men din karakter som tel.

Skulen har gode lærarar og eit ungt personale. Allsidig utstyr i klasseromma står til disposisjon for deg i skuledagen og på ettermiddags- og kveldstid. Lydstudio er tilgjengeleg, i kinosalen kan du sjå film kvar dag, i gymsalen kan du trene og leike deg.

Året på Voss varar i ni månader, frå slutten av august til midten av mai. Linjefag utgjer dei fleste timane, vi har i tillegg valfag og fellesfag, linjeveker, prosjekt og reiser.
 
Etter fullført skuleår på Voss Folkehøgskule får du eit vitnemål som viser kva fag du har tatt og kva du har vore gjennom. Du kan samle deg erfaringar og arbeidsprøver, og du kan jobbe spesielt med område som er nyttige for vidare studium.

Oppmøte og deltaking er obligatorisk. Skulen verkar berre når du deltar.

Du får du med deg to tilleggspoeng for fullført skuleår, gitt at du har hatt minst 90 prosent oppmøte. Poenga tel ved opptak til høgare utdanning.


Økonomi
•    Staten dekkjer det meste av undervisninga.
•    Du betalar for kost og losji, turar innanlands og undervisningsmateriell.
•    Statens lånekasse gir både stipend og lån for å gå på Voss Folkehøgskule. Alle som er under 20 år, får fullt stipend. For skuleåret 2016–17 er fullt lån og stipend stipulert til kr 104.800 (forslag til statsbudsjett).
 
SB0B7586Du bur på internat på skulen når du går på Voss Folkehøgskule, og det ligg på sjølve folkehøgskulen. Vi har flest dobbeltrom, men du kan søkje om enkeltrom. Dei fleste bur på dobbeltrom og trivst best med det.

Internatlivet er viktig – like viktig som skulen. Det å dele rom, møte nye menneske, tilpasse seg kvarandre og finne på ting saman gir verdifull erfaring og innsikt å ha med seg vidare i livet, både i utdanning, jobb og privat.
 
Etter eit år på Voss Folkehøgskule får du vener og kjende frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør, eller ein heilt annan stad i verda. Kanskje dreg du saman med somme av desse for å studere vidare. Etter du har fullført utdanninga kan det vere nyttig å ha kontaktar i ulike bransjar som gir deg tips og råd om jobbar – kanskje nettopp romkameraten din treng ein type som deg i sitt nye prosjekt? Mange får vener for livet i løpet av året på folkehøgskule.
 
På folkehøgskule får du opplevingar og erfaringar som vil prege deg seinare i livet og vere avgjerande for korleis du ser på deg sjølv og menneska rundt deg. Personleg utvikling og danning står sentralt – for deg og for oss.

bilde3På Voss Folkehøgskule har du tid til fordjuping og tid til å prøve ut nye fag. Du får prøvd deg i samarbeid med andre, og du kan utfordre deg sjølv på nye område, og utvide komfortsona di. Kanskje du oppdagar noko nytt du verkeleg har talent for, eller du kan få styrkt trua på kva du vil jobbe vidare med.
 
På folkehøgskule dreier undervisninga seg om å setje ting ut i livet. Teori er viktig – og ferdigheiter like viktig, og det å bli eit medmenneske er det viktigaste. Det handlar om å få hovud, lemmar og hjarte til å henge saman.

Voss Folkehøgskule er ikkje bunden av pensum eller rammer, vi skapar faga og planane saman. og difor kan du påverke kva året skal innehalde. Det viktigaste på folkehøgskulen er kanskje samtalen og deltakinga, difor er lite av undervisninga førelesingar.
 
På ein skule utan eksamen kan du ta deg tid til å gjere alt det rare, morosame og kreative som du ikkje har tid til andre stader. Du har tilgang til skuleutstyret store delar av døgnet, og du bur saman med medelevar som du kan gjere dette saman med.
 
Treff du ein tidlegare elev frå Voss Folkehøgskule, seier dei ofte at året på Voss var det beste året i livet. Spørjeundersøkingar viser òg at så mange som 90 prosent av dei som har gått på folkehøgskule, vil anbefale det vidare til andre. Folkehøgskulen har låg fråfallsprosent; under 5 prosent sluttar før skuleåret deira er over.

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule, der elevar og lærarar er likeverdige medmenneske som vert respekterte for sine ulike livs- og kulturbakgrunnar, og i sine ulike oppfatningar om politikk og religion.

Undervisninga er samtale- og dialogbasert, og personlege erfaringar er viktigare enn bokleg lærdom.

Elevane medverkar til å gi innhald til sitt skuleår. Utfordringane kjem; tilsette og elevar arbeider saman om konstruktive løysingar