Fellesfag

Fellesfaga skaper samhald og felles forståing. Her kan vi ta opp erfaringar, utfordringar og løysingar.
 
Aktivitet & Bevegelse (A&B)
Vi set av timar på timeplanen til Aktivitet & Bevegelse for at du skal få høve til å bevege deg, trene eller gå ein tur.

Nokre aktivitetar er lærarstyrte, bl.a.:
•    Yoga
•    Volleyball
•    Isbading
•    Styrketrening
•    Fotball
•    Joggetur
•    … og mykje meir

Og du kan organisere dine eigne aktivitetar.
 
Morgonsamling
Gjennom Ord for dagen presenterer vi interessante tema / noko vi synest har verdi, både elevar og lærarar. Vi tar ein kort morgonstrekk, syng ein song og gjev kvarandre viktige meldingar.
 
Kor
Alle elevane syng i kor. Nokre veker kan du velje anten kor eller eit alternativt opplegg.  

Kultur og samfunn
Kultur og samfunn tar opp ulike tema og diskusjonar, kultur, musikk, film, teatersport og mykje meir.

Forum
Forum-gruppene løftar blikket ut av folkehøgskulen og diskuterer aktuelle tema.

Hustime / rektor sin time / allmøte
Her presenterer og diskuterer vi ulike tema knytt til skulekvardagen. Rektor tek opp tema han har på hjartet og som har med skulen og samfunnet å gjere.
 
Gangtime / gangråd
Alle skal ha eit godt år på skulen. I gangrådet tar du opp forhold og aktuelle saker på internatgangen.

Kvar internatgang har sin eigen leiar og representant i elevrådet, og ein eigen ganglærar. Saker som skal vidare til elevrådet, vert òg tekne opp her.
 
Laurdagsseminar
Dei fleste laurdagar legg lærarane eller eksterne personar opp til seminar med ulike tema.