UNESCOs skulenettverk

Den 17. februar 2017 meldte Voss folkehøgskule seg inn i UNESCO sitt skulenettverk.

Vi er den første norske folkehøgskulen i dette internasjonale nettverket. Her deltek meir enn  9 000 skular og utdanningsinstitusjonar frå 180 land.

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Mandatet er å bidra til fred og tryggleik ved å fremje samarbeid mellom nasjonar innan desse fire områda. UNESCO vart etablert like etter den andre verdskrigen i 1945. Målet var å etablere ein organisasjon som kunne bidra til ein varig fredskultur. Politiske og økonomiske avtaler er ikkje godt nok til å skape varig fred. Grunnlaget til FN er at fred må etablerast i menneska si moral og solidaritet.


Samarbeidet i dette skulenettverket skal:
-    Styrke den internasjonale dimensjonen i undervisninga
-    Inspirere til kontakt og samarbeid mellom skular nasjonalt og internasjonalt
-    Bidra til å utvikle gode undervisningsmetodar
-    Bidra med kunnskap om menneskerettar, kultur og internasjonale tilhøve


Les meir om UNESCO og skulenettverket her: http://unesco.no/utdanning/skolenettverket/