Til vener og føresette til elevar ved Voss Folkehøgskule

Tida har ubønnhørleg jobba i det stille. Dagar har blitt til eit år.

Dei ungdommane som kom til Voss i haust har mognast gjennom vinteren.

No skal dei sleppast ut i verda for å slå rot andre stader.

Me inviterer føresette og vener til :

Avslutningsfest lørdag 12. mai på Voss Folkehøgskule

Skulen er open heile dagen for omvisning.

 

 9-11 Eleven er på "Jobb"

14-15 Kaffi og nok attåt i peisestova

15-16 Linjetreff. Møte på kvar linje med linjelærar, elevar og gjester.

17.30 Festmiddag i matsalen

19-21 Festprogram i gymsalen

 

                  

Program søndag 13.mai

0800      Frukost til 1000

 Alle gjester er invitert

               Avreise

1200      Skulen stengjer

 

 

Pris for festen er kr 250 pr pers ( barn kr 125). Dette inkluderer frukost sundag morgon.

Påmelding og innbetaling innan 7. mai til:  konto nr: 9581.05.00639

Husk å merk med navnet til eleven du besøker og tal gjester.

Eleven kan og betale med bankkort på kontoret.

Eleven betaler ikkje.

Skulen kan ikkje tilby overnatting. Gjer avtaler med lokale overnattingstader.

Velkommen!