Skip to content

Om Voss Folkehøgskule

Velkomen til eit sosialt og lærerikt år, fylt med utfordringar, meistring og opplevingar!

Voss 12.03.20:

Angåande Coronaviruset

Voss folkehøgskule fylgjer regjeringa sitt påbod, og stenger ned skulen inntil vidare.

 

Voss Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule og har rundt 100 elevar. Skulen har sidan starten i 1895 teke imot elevar med ulik bakgrunn frå heile landet. Her er eit variert tilbod med 8 ulike linjer, pluss mange valfag– Kreativitet, friluft, idrett, historie, samfunn og ekstremsport samla på ein stad.

Ein slik fagleg breidde, skapar eit allsidig miljø og ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Og me har stolte tradisjonar sidan 1895.

Folkehøgskule er ein skule utan karakterar, vi fokuserer heller på det vi byggjer saman. Vi har difor verken pensum eller prøvar. I tillegg har vi lærarar som brenn for faget sitt, og for elevane sine! Her utviklar vi oss saman. Les meir om livet på Voss Folkehøgskule her: (internatlivet)

Voss Folkehøgskule ligg på garden Seim rett vest for Voss sentrum. Husa våre er gamle, tradisjonsrike, raudmåla og sjarmerande – ein vakker og særprega stil som skapar eit miljø det er lett å trivast i. Vi ser ut over Vangsvatnet og fjella rundt Voss.

Skulen ligg i gangavstand til Voss sentrum med mange butikkar, kulturhus og offentleg transport. Les meir om Voss her.

Mål og verdiar

Voss folkehøgskule vil bidra til personleg utvikling og kompetanse til vaksenlivet og vil gje deg:

Fridom til å lære

Høve til å prøve

Rom til utvikling

Tid til fordjuping

Dette står vi for

Vi har fokus på å lære gjennom indre motivasjon, samarbeid, livsmestring - det å bu på ein internatskule saman med 110 andre motiverte ungdomar.

Voss er den einaste folkehøgskulen i Noreg som er med i UNESCO sitt internasjonale skulenettverk.

UNESCO har fire mål for læring:

  1. Learning to know
  2. Learning til do
  3. Learning to be
  4. Learning to live together

Folkehøgskulane er truleg det skuleslaget som har størst moglegheit til å nå UNESCO sine læringsmål. Vi har gjort desse måla til våre.

Våre mål

  • Arbeide for fellesskap i eit trygt miljø
  • Hjelpe elevane til auka sjølvinnsikt og personleg vekst
  • Legge til rette for skapande prosessar
  • Fremje toleranse og respekt for menneske og natur
  • Førebu elevane på vaksenrolla

Om du vel Voss –Får du eit folkehøgskuleår du aldri vil gløyme. Fantastisk natur, eit vakkert skuleanlegg, ein fot i gode tradisjonar, og ein fot i framtida. Vi har stor breidde i fagtilbodet vårt. Her kan du bruke nokre av dei beste skibakkane i Nord-Europa, du kan spele inn musikken din i studio, lage LAN med resten av skulen, hoppe i fallskjerm, og mykje meir: berre sjå!

- Claus Røynesdal, rektor

Dersom du ynskjer å vite litt meir om Voss og folkehøgskule generelt, kan du lese desse korte artiklane frå vår rektor:

 

Rektor si avslutningshelsing til 2017 - 2018 kullet

Korleis er det å leve og bu på vår internatskule?

Kva meinar vi "eigentleg" med folkehøgskule?

Våre tankar om lærings- og undervisningsglede