Skulen

Voss har varierte tilbud; 8 linjer, 110 elevar og dyktige lærarar! Kreative linjer, frilufts- og ekstremsportlinjer! Faglig bredde og allsidig miljø gjev ein unik miks av ungdom og lærarar. Vi ligg i sentrum av ekstremsport- og festivalbygda Voss, med skianlegg og gondol rett ved skulen. Stolte tradisjonar sidan 1895.

 

Velkomen til eit sosialt og lærerikt skuleår, fylt med utfordringar, meistring og opplevingar!

  • 110 elevar og 8 linjar
  • Stor fagleg bredde og variert miljø gir ein unik miks av ungdom og lærarar
  • Lærarar med særs høg kompetanse
  • Ein frilynt og liberal folkehøgskule sidan 1895
  • Elevar med ulik bakgrunn frå heile landet
  • 1km fra Bergensbanen, enkelt og rimeleg å reise til skulen, 1,5 time frå Bergen og 5 timer frå Oslo med tog
  • 1km frå gondolen som tek deg til fjells i Voss Resort

 

Våre linjer:  

Film& Foto, Idrett & Friluftsliv, Data, Data & Friluftsliv, Musikk- Band/ Scene, Ekstremsport, Ekstremsport Luft og Verda vi skapar.

 

  

Timeplanen er variert:
•    morgonsamling: kvar dag
•    linjefag: 3 dag
•    valfag: 1 dag
•    fellesfag og fellesaktivitetar: 2 dagar
•    laurdagsseminar dei fleste laurdagane
•    elevkveldar
•    linjeveker
•    prosjekt
•    reiser

 

Undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har og timar på ettermiddag og kveldstid.

 

Skulen er godt utstyrt med
•    musikkstudio for innspeling
•    kino
•    datarom
•    spesialrom for trearbeid/ sløyd og keramikk
•    peisestove
•    tv-stove
•    vaskerom
•    styrkerom
•    gymsal
•    ein støl på fjellet ved Uppsete på Bergensbanen og ei hytte nær skulen
•    gode avtalar med eit lokalt treningssenter og med Voss Resort og skibakkane der

 

Kulturlivet på Voss byr på
•    konsertar og arrangement
•    kjende band og artistar
•    nytt bibliotek og kino
•    Vossa Jazz
•    Osafestivalen
•    Ekstremsportveko

 

Skulen ligg i gangavstand til Voss sentrum med mange butikkar, kulturhus og offentleg transport.

 

Velkomen til eit spanande, sosialt og lærerikt skuleår, fylt med utfordringar og opplevingar!

 

UNN DEG EIN OPPTUR!