Spania - Lanzarote, La Santa

Studietur for Friluftsliv-Idrett og Fitness

Ein tur til Kanariøyane i siste del av november, på Club La Santa, full av aktivitet og opplevingar, vil garantert styrke både kropp og sjel.

  • Sport og mosjon
  • Trening og fitness
  • Fri tilgang til idrettsanlegg av svært høg kvalitet, der du får låne utstyr gratis
  • Seglbrett, kajakk
  • Ballspel
  • Racersyklar
  • Toppinstruktørar i f.eks.: Zumba, TRX, windsurf, styrke av kjernemuskulatur, squash, tennis, step, bodycombat, svømming, badminton, SUP
  • Spa & Wellness: varme og kalde bad, sauna og dampbad
  • Meditasjon / yoga / «Stretch and Relax»

Se meir: http://www.clublasanta.dk/


Famara Beach er ei perle for bølgjesurfing. Dette må du prøve! Ein av dagane tar vi ei utflukt hit.

Lanzarote er ei vulkansk øy med spanande kultur. Ulike utflukter tar for seg folkeliv og natur.

Det er gode restaurantar på La Santa, og frukost og middag er inkludert i opphaldet.