Skip to content

Livet hos oss

Folkehøgskule er mykje meir enn linjefag! Å samlast til måltid, fellesfag, valfag og aktivitetar gjer at elevane blir kjende på tvers av linjer og vert utfordra på tema vi meiner er viktige.

Vi har undervisning i vanleg skuletid, men og eit mangfald av valfag/aktivitetar på ettermiddag/kveldstid: Vossabadet, vindtunnel, kveldskøyring på ski, kreative prosjekt i peisestova, LAN og mykje meir!

Morgonsamling er ein god start på dagen – med faste innslag, elevframsyningar og tid for refleksjon. På elevkveldar lagar elevane som bur på kvar sin gang på internatet underhaldning til resten av skulen. På fellesfag og prosjekt jobbar vi på tvers av linjer. Alt dette bidrar til å skape eit godt miljø med høg trivsel på skulen.

Timeplanen

Timeplanen er variert undervisninga går føre seg på dagtid, men vi har òg timar på ettermiddag og kveldstid.

  • Morgonsamling, ein kjekk start på dagen!
  • Linjefag tre dagar kvar veke
  • Valfag kvar fredag, heile dagen
  • Fellesfag to dagar kvar veke;

Laurdagsseminar dei fleste laurdagane.

  • Elevkveldar seks laurdagar i året
  • Linjeveker før og etter jul
  • Prosjekt på tvers av linjer
  • Reiseveker, linjene dreg på utanlandstur

Internatlivet

Elevane bur på skulen og et på skulen. Vi har tre internat, flest dobbeltrom, men òg nokre enkeltrom. Her kan du trekkje deg tilbake, men òg ta del i eit fellesskap. Du vil bu tett på andre menneske med ulik bakgrunn og vil lære toleranse og medansvar, og å bli både ein medspelar og ein motspelar.

Du får fire måltid kvar dag. Mat og gode samtalar under måltidet er viktig for både god helse og trivsel. Vi har tre kokkar på huset som lagar dei rette menyane. Vi har òg internatleiar som hjelper til med praktiske ting og ser til at alle elevane har det bra på skulen.

 

Vi har ikkje eksamen eller pensum. Vi jobbar med indre motivasjon og fagleg utfordring. Ein unik miks av ungdom og lærarar i eit variert og inkluderande miljø med stor fagleg breidde gjev stort læringsutbytte og personleg vekst. Vi har åtte ulike linjer nettopp for å skape eit variert læringsmiljø! Du lærer mykje i møte med mange ulike elevar og lærarar.

Internata

Folkehøgskulane er internatskular og Voss Folkehøgskule har 3 internat. Du bur (vanlegvis) i dobbeltrom. Nytt eller gammalt, med eller utan eigen dusj og toalett – det vert livleg, alvorleg, inderleg, trygt, intenst og verdifullt.

 

Midtgard har plass til ca. 60 elevar. 50 bur i dobbeltrom. Alle romma har eigen dusj og toalett. 10 på enkeltrom - dublett - eige rom, 2 stk. deler bad og gang.

Jomsborg har plass til ca. 40 elevar fordelt på enkelt- og dobbeltrom. Her er det dusj og toalett i gangane, men det er vask på romma. Jomsborg er eit gamalt internat, men alle romma er moderniserte i 2015 og er lyse og fine.

Oppigard har plass til ca. 10 elevar i enkle og doble rom. Romma har vask, og dusj og toalett er på gangen.

Mat og kosthald

Mat er viktig for både god helse og god trivsel. På Voss får du god og sunn mat. Vi arbeider for å bruke meir og meir lokale råvarer og å lage maten frå botnen av.

Kokkane på kjøkkenet lagar variert og god mat og gjer sitt til at måltida blir viktige næringsstasjonar og møteplassar.

 

Til kvardags

Frukost: kornblandingar, brød, diverse pålegg, frukt og grønt, kaffi, te, juice og mjølk
Lunsj: varierer mellom: niste, salatbuffé, supper, brød og pålegg, kaffi og te
Middag: rettar frå vekemenyane, både god norsk kost og «nyare» rettar
Kveldsmat: brød, pålegg og kaffi, te og mjølk.

 

I helgene

I helgene inneheld måltida litt ekstra. Søndags frukosten har ferske rundstykke og egg, og søndagsmiddagen dessert.

Diettar

Dersom du har behov for tilrettelagt kost fordi du et vegetarisk eller har matintoleranse eller allergi, har vi stor kompetanse på dette og lagar god maten også til deg. Men pga. dyrare råvarer og ekstra arbeid tek vi litt ekstra for dette. Sjå prisar her

 

Arbeidslivet treng personar som kan samarbeide, finne relasjonar og løyse oppgåver i lag. Det er kjernen i  folkehøgskule-pedagogikken hos oss.