Skip to content
Verda-Vi-Skapar

VERDA VI SKAPER

Er du ein tenkjar?

Er du ein tenkjar? Ein som likar å gruble, og samstundes vere ute i naturen? Dette er ei unik linje som kombinerer friluftsliv, samfunnskunnskap og filosofi!

Om Linja: Verda vi skaper

Vi er opptekne av dei store spørsmåla, og samstundes finne glede, læring og trivsel i kvardagen. Vi undrar oss og prøver å forstå korleis verda vil sjå ut om femti, hundre – kanskje fem hundre år? Korleis skal vi møte dei økologiske utfordringane og det grøne skiftet? Informasjonsteknologi og bioteknologi kjem til å endre verda slik vi kjenner ho. Vil demokratiet overleve? Kva må vi gjere for å møte alle desse utfordringane?

Dersom du vil gå djupare inn i noko, treng du tid. Romsleg med tid. Tid til å tenkje, gruble, vurdere, analysere. Tid til å «sløse» med. Tid til debatt, diskusjon og dialog. Tid til fellesskap. Tid til å få informasjonssamfunnet til å gje meining, til å forstå verda. På ein folkehøgskule har vi både tid og fellesskap.

På denne linja legg vi vekt på kritisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og kreativitet. Vi har ein kombinasjon av refleksjon og handling, mellom tenking og aktivitet. Elevane på denne linja er interesserte og engasjerte. Derfor utformar vi også mykje av innhaldet i skuleåret i dialog og samarbeid med elevane. Kva er det vi brenn for – når verda brenn?

Om hausten dreg vi på tokt med seglskuta «Mathilde» og på kajakktur i majestetiske Nærøyfjorden. Vi skal på telttur, og brukar syklane til å utforske det mangfaldige og flotte nærmiljøet på Voss. Vi dreg på stølstur med allsong, bålkos og fellesskap. Om vinteren tek vi gjerne ski på beina - renn nedover og går bortover. Variasjon skapar motivasjon!

I tillegg skal vi på filmfestival, sjå mange gode filmar eigen kino, isbade, rafte, diskutere, lese, høyre podcast, gå på skøyter, lage bål, spele brettspel, lage informasjonskampanjar – vere med å skape verda?

Som den første og einaste folkehøgskulen i Noreg er vi med i UNESCO (FN) sitt internasjonale skulenettverk. Vi legg UNESCO sine grunnleggjande pilarar for læring til grunn:

- Learning to know

- Learning to do

- Learning to be

- Learning to live together

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Å reise er ein måte å lære på. Å reise er ein måte å utforske verda på. Å reise er å leve!

Vi skal på studietur, ikkje som turist, men som reisande. Vi reiser på backpacking i Europa i eit par veker om våren. Då reiser vi med minst mogleg fotavtrykk; båt, tog, buss, trikk, t-bane…. Noko av målet med linja er nettopp at elevane sjølve skal velje studiestad og reisemåte. Skal vi til Tjernobyl eller Transylvania. Instanbul eller Krakow? Eller alle saman? Med kritisk tenking, kommunikasjon, samarbeid og kreativitet lager vi skuleåret og reiseruta saman.

Film

Sjå kva me gjer på denne linja. OBS! Promoen er frå i fjor. Studieturen er no blitt endra til ein meir miljøvennleg tur; Backpacking i Europa.

Jørgen er over gjennomsnittet interessert i natur og filosofi. Han er en eventyrer av de sjeldne med mye kunnskap og engasjement, noe som legger et utrolig godt grunnlag for en linje som denne.

-Solveig Løkken, elev 2016-17

Følg oss på instagram

@VOSSFHS