Skip to content
Musikk-og-Friluftsliv

MUSIKK & FRILUFTSLIV

Musikk- og friluftsharmoni

Musikkglede for livet kombinert med friluftsliv! Samspel, fellesskap, studio, scene, låtskriving, arrangering, produksjon, konsert, turné, band, musikkhistorie - bålkos, telt, tur, ski, støl og hytteliv.

Alle er glade i musikk. 9 av 10 nordmenn er aktive i friluftsliv. Vi kombinerer musikk og friluftsliv i ei unik linje! Vi har fokus på samhald, meistring og læring.

 

Om Linja: Musikk og friluftsliv

På linja Musikk og friluftsliv vil du, som namnet tilseier, få fordjupa deg både i det musikalske landskapet og innan friluftslivsfeltet. Tenk å ha moglegheita til å vera ute i det fri på solskinsdagar og nytte tida til innøving og musikalsk fordjuping når det regnar ute! Linja har hovudvekt på musikk, der ca. 60% av tida går med til musikalske aktivitetar og 40% til friluftsliv. Me vil også kombinere desse to, i ulik grad. Du får sjansen til å ta turen ut for å finne inspirasjon, sette deg rundt leirbålet og øve inn songar, øve inn repertoar på skulen sin støl eller berre ta ein pause frå intensiv øving i skogen eller på fjellet. Moglegheitene er mange!

Odd Nordstoga om året på Musikklinja

Eg hadde neppe vorte musikar utan det året på folkehøgskulen. Eg blømde, fekk masse skryt, fekk sjølvtillit nok til å tru både på meg sjølv og mitt materiale. Året 1991 til 1992 på musikklinja på Voss vart eit ”lære for livet”-år, eit av mine beste og kanskje det viktigaste for vegvalet mitt.

- Odd Nordstoga

Musikk

Her får du spele konsertar, stå på scena og dra på turné. Vi fokuserer på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dei instrumentale ferdigheitene dine, utvidar det musikalske repertoaret og aukar sjangerforståinga di.

I varierte bandprosjekt utviklar du lytteevna di, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap.

Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar. Fritt tilgjenge til linja sin MacLab og studio.

Friluftsliv

Friluftsliv i verdas vakraste bygd, ski- og idrettsbygda Voss!

Fokus på samhald, meistring og læring. Du vil ha periodar med friluftsliv utover året med lærarar som har lang erfaring.

Dette vil du lære:

• Samspel

• Teori på ein praktisk måte

• Arrangere og gjennomføre konsertar

• Bli betre på ditt instrument

• Tekst- og låtskriving

• Studioteknikk, Logic og ProTools

• Formidling i konsertar og på turné

• Del av Osafestivalen og Vossa Jazz

• Folkemusikkurs på Ole Bull Akademiet

• Eit breitt spekter av friluftslivskompetanse; kart & kompass, turplanlegging, naturkjennskap, lage bål, hauste av naturen, sporlaus ferdsel, på tur med fiskestonga, snø- og snøskredlære, teltliv

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur til Dei Britiske øyer

Dette blir ei musikalsk reise utanom det vanlege! På denne turen får du oppleva – og ta del i musikk frå eit vidt perspektiv. Storbritannia står sentralt i europeisk musikkliv innafor ulike sjangrar. Fleire engelske band har til dømes vore avgjerande for utviklinga av rock og populærmusikken. I tillegg til å besøka musikkmetropolen London, vil du få ta del i eit mangfald av musikktradisjonar på rundturen gjennom Irland, Skotland og England. Du vil få utvida den musikalske horisonten din og ha fleire erfaringar å spele på seinare.

På same måte som sjølve folkehøgskuleåret blir til når me går vegen saman, blir mykje av innhaldet på turen planlagt i fellesskap ut ifrå gitte rammer. På denne måten vert elevane delaktige i val av konsertar og andre aktivitetar, og får eit eigarforhold til turen allereie før avreise.

På turen kan du mellom anna oppleva dette:

  • Dublin, Liverpool, London.
  • Landskap og britisk natur frå toget.
  • Gå i fotspora til The Beatles i Liverpool, ”Rock`n roll tour” i London. Musikalar, konsertar, jam.
  • Ein yrande live-kultur.
  • Folkemusikk av ulike dimensjonar – dans, spel, instrument m.m.

 

Og det beste av alt, fellesskapsfølelsen på tur – at me opplever og får nye erfaringar i lag. – At me finn tonen saman!

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Følg oss på instagram

@VOSSFHS