Musikk & Friluftsliv

Musikkglede for livet kombinert med friluftsliv! Samspel, felleskap, studio, scene, låtskriving, arrangering, produksjon, konsert, turné, band, musikkhistorie - bålkos,telt, tur, ski, støl og hytteliv.

Alle er glade i musikk. 9/10 nordmenn er aktive i friluftsliv. Vi kombinerer musikk og friluftsliv i ei unik linje! 

 

MUSIKK

Her får du spele konsertar, stå på scenen og dra på turné. 

Vi fokuserer på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring.

Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret og aukar sjangerforståinga di. 

I varierte bandprosjekt utviklar du lytteevna di, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeidar øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. 

Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.

Studieturen går til London og Dublin.

FRILUFTSLIV

Friluftsliv i verdas vakraste bygd, ski-og idrettsbygda Voss! Fokus på samhald, meistring og læring 

Du vil ha friluftslivperiodar utover året med lærerar som har lang erfaring. 

Her er noko av det du kan forvente å oppleve: 

  • alpint og off-piste i Voss Resort, utvikle skiferdigheiter i og utenfor skibakken
  • fjellturar i vakker vestlandsnatur
  • kajakk i Nærøyfjorden
  • leik og trening i Vossabadet
  • ulike idrettsaktivitetar
  • leirdueskyting på lokal skytebane
  • fjellturar og teltturar
  • overnatting på skulen si eigen seter på Upsete
  • bålkos, gitar og allsang
  • rafting
  • skøytar på Vangsvatnet
  • mulegheit for fallskjermhopping

Kvar fredag er det valgfag heile dagen, vi har fleire ski, idrett og ekstremsportsfag du kan velje i tillegg til linja - i tillegg til andre kulturfag.

Instagram #vossfhs

  

 

 

Dette vil du lære

-       Samspel

-       Teori på ein praktisk måte

-       Arrangere og gjennomføre konsertar

-       Bli betre på ditt instrument

-       Tekst- og låtskriving

-       Studioteknikk, Logic og ProTools

-       Formidling i konsertar og på turné

-       Del av Osafestivalen og Vossa Jazz

-       Folkemusikkurs på Ole Bull Akademiet

-     Eit brett spekter av friluftslivskompetanse

 

Linja er for alle som er nysgjerrige på musikk og ynskjer å lære på ein praktisk måte, enten ein har musikardraumar eller vil ha musikk som hobby - OG som er glade i varierte friluftslivsaktivitetar!

 

Studietur til Dei britiske øyer 

Bli med på en uforglemmelig rundtur gjennom tre land og et mangfold av musikktradisjoner! Storbyene London, Dublin og Liverpool tiltrekker seg artister i verdensklasse, og er derfor selvskrevne reisemål for musikkinteresserte verden over. Store konserthus, kjente musikalscener, pubkvelder med folkemusikk og jamsessionsintime klubber - England, Irland og Skotland byr på alt dette, og mer til.

Navn som The Beatles, Led Zeppelin, Pink Floyd, Elton John, David Bowie, The Rolling Stones, Deep Purple og Sting (for å nevne noen) plasserer Storbritannia ettertrykkelig på kartet når det gjelder utviklingen av rock og populærmusikk fra 1960-tallet og fram til i dag. Gå i fotsporene til The Beatles i Liverpool eller ta en "Rock ’n’ Roll Tour" i London; mulighetene er mange for den som ønsker sight-seeing med musikkhistorisk sus.

I tillegg til musikalsk inspirasjon vil turen by på flotte naturopplevelser, med utsikt over det særegne britiske landskapet fra togvinduet. Aller mest er det nok likevel det sosiale fellesskapet som vil prege minnene du tar med deg hjem. Gjennom å dele nye erfaringer utvikler vi oss sammen og vokser som mennesker. Og nettopp det handler året på Voss Folkehøgskole om.

 

  

 odd

Mange gode musikarar har starta karrieren sin på Voss musikklinje, vert du den neste?
Odd Nordstoga om året på Musikklinja: – Eg hadde neppe vorte musikar utan det året på folkehøgskulen. Eg blømde, fekk masse skryt, fekk sjølvtillit nok til å tru både på meg sjølv og mitt materiale. Året 1991 til 1992 på musikklinja på Voss vart eit ”lære for livet”-år, eit av mine beste og kanskje det viktigaste for vegvalet mitt, seier Nordstoga.