Musikk

Finn tonen på Voss! Musikkglede for livet - enten hobby eller jobb? Samspel, felleskap, studio, scene, låtskriving, arrangering, produksjon, MacLab, konsert, turné, band, musikkhistorie og teori.

 

Musikkdraumar? Vel musikklinja på Voss!

 

Hjå oss får du utfordringar, du får spele konsertar, stå på scenen og dra på turné.

På musikklinja lærer du å spele saman med andre. Vi veit at samspel gir musikalsk læring. Gjennom samspel utviklar du instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret og aukar sjangerforståinga di.

Du utviklar lytteevna di, trekkjer linjer mellom teori og praksis, opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap.

Du får arbeide med komposisjon og arrangering, bruke studio og MacLab, planleggje konsertar. Du får kurs i låtskriving, arrangering, studio og produksjon.

Det blir òg tid til konsertar på og utanfor skulen, i tillegg til ein konsertturné om våren.


På Voss Folkehøgskule skal du få mulighet til forberede vegen vidare, enten du vil drive aktivt med musikk eller ynskjer å ha musikkgleda som hobby.

Vi samarbeider med VossaJazz (ein av Noregs største jazzfestivalar), Ole Bull Akademiet (m.a. arrangerer Osafestivalen – folkemusikk i særklasse) og Voss Lyd (kompetanse og praksisplassar til dei som er interesserte i produksjon, studioarbeid og live-lyd)

 

Dette lærer du:

-       Samspel

-       Teori på ein praktisk måte

-       Arrangere og gjennomføre konsertar

-       Bli betre på ditt instrument

-       Tekst- og låtskriving

-       Studioteknikk, Logic og ProTools

-       Musikkbransjen

-       Formidling i konsertar og på turné

-       Jobb på og med Osafestivalen og Vossa Jazz

-       Folkemusikkurs på Ole Bull Akademiet

 

Kven passar linja for?

Musikklinja er for alle som er nysgjerrige på musikk og ynskjer å lære på ein praktisk måte, enten ein har musikardraumar eller vil ha musikk som hobby.
Det er inga krav til forkunnskapar.

 

Studietur til Dei britiske øyer 

På denne turen får du oppleva -og ta del i musikk frå eit vidt perspektiv. Storbritannia står sentralt i europeisk musikkliv innafor ulike sjangrar. Fleire engelske band har til dømes vore avgjerande for utviklinga av rock og populærmusikken. I tillegg til å besøka musikkmetropolen London, vil du få ta del i eit mangfald av musikktradisjonar på rundturen gjennom Irland, Skotland og England. Du vil få utvida den musikalske horisonten din og ha fleire erfaringar å spele på seinare!

 

På turen kan du i tillegg til så mykje meir, mellom anna oppleva dette:

- Dublin, Edinburgh, Liverpool, London.

-Oppleva landskap og britisk natur frå toget.

- Gå i fotspora til The Beatles i Liverpool, "Rock`n roll tour" i London.

- Musikalar, konsertar, jam - du får oppleva ein yrande live-kultur.

- Folkemusikk av ulike dimensjonar- dans, spel, instrument m.m.

- Og det beste av alt, fellesskapsfølelsen på tur- at me opplever og får nye erfaringar i lag. - At me finn tonen saman! 

  

 odd

Mange gode musikarar har starta karrieren sin på Voss musikklinje, vert du den neste?
Odd Nordstoga om året på Musikklinja: – Eg hadde neppe vorte musikar utan det året på folkehøgskulen. Eg blømde, fekk masse skryt, fekk sjølvtillit nok til å tru både på meg sjølv og mitt materiale. Året 1991 til 1992 på musikklinja på Voss vart eit ”lære for livet”-år, eit av mine beste og kanskje det viktigaste for vegvalet mitt, seier Nordstoga.

 

 

 

 

 

View the embedded image gallery online at:
https://voss.fhs.no/linjer/musikk#sigFreeId6164bf7f55