Linja for deg som drøymer om å bli produsent, teknikar og/eller musikar. Bli god bak miksepulten og i studio. Produser musikk og skap stemning til filmar og spel. Tett samarbeid med bransjen.
Her har du som har lyst til å lære om lyd din sjanse! Du vil lære å arbeide med lyd i ulike samanhengar, live, i studio eller ved å lage musikk på pc/mac. Dyktige lærarar vil hjelpe og rettleie deg undervegs, både individuelt og saman med klassekameratane dine.
Det er ikkje krav til forkunnskap, det viktigaste er at du har interesse for faget. Skulen har det du treng av utstyr og rom for å spele inn og produsere musikk og til å arbeide med lyd, lys og scene for produksjonar og forestillingar.
Skulen har eige studio og arbeidsrom med Logic Pro som hovudprogram. Du vil òg få høve til å jobbe i Ableton eller FL Studio, eller program du har sjølv. Du får tilgang til å prøve ut full scenerigg. Vi arbeider saman med linja Jazz. Produserer musikk for dei i studio og står for det tekniske på konsertar. Vi har studietur og turné i lag.
Film og spel er blitt ein del av kvardagen for dei fleste av oss, vi har derfor valgt å fokusere på spel- og filmmusikk på denne linja. Det vert meisterklassar med kjende musikarar og du vil få lage musikk til elevfilmane på Film & foto og spela til Datalinja.
Vi har tett samarbeid med fagmiljø som er profesjonelle innen lyd, lys og scene. Vi får jobbe praktisk saman med dei på oppdrag gjennom året.
Vi skal ha det kjekt, jamme, halde konsertar, turnere, ha lange kveldar i musikkstudio og leike med musikk og lyd saman. Velkomen til eit praktisk og lærerikt år hjå oss på Voss.
Dette vil du lære:
- Musikkproduksjon
- Spel- og filmmusikk
- Studio
- Innspeling
- Miksing
- Mastering
- Logic Pro
- Musikklære
- Noter
- Besifring
- Hørelære
- Låtskriving
- Arrangement
- Konserter
- Lyd
- Lys
- Samarbeid
Film
Sjå film om skulen.
Følg oss på instagram
@VOSSFHS