Skip to content
Jazzikon

Jazz

Eit steg mot draumen om å bli musikar eller vokalist. Høgt fagleg nivå. Fokus på gehør, improvisasjon, eigenart og samspel. Meisterklassar med kjende musikarar.

Ny jazz-linje for deg som vil satse! Eit viktig steg før vidare studier. Du bør ha eit hovudinstrument du meistrar godt og masse ståpå-vilje. Vi legg til rette for individuelle timar utanfor skulen om du ønskjer det hjå våre dyktige samarbeidspartnerar på Voss og i Bergen.  Jazz på Voss betyr òg litt folkemusikk. I nabolaget held Ole Bull Akademiet til med eit av landets beste fagmiljø innan ulike former for tradisjonsmusikk.

Sjølv om hovedaktiviteten vil føregå på Voss, vil nærleiken til Bergen, og byen sitt breie musikkmiljø og vere ein ressurs vi lett kan benytte oss av, då vi har sentrale kontakter i alle miljø. Det vil bli fleire meisterklassar med kjende musikarar!

Vi lagar konsertar for dei andre på skulen og ute på Voss. Vi samarbeider tett med linja Lyd- og Musikkproduksjon og har fellesemne saman med dei. Du vil lære om lydteknikk og du vil lære å ta opp og mikse musikk. Vi reiser på turné i lag om våren. Helga før påske er det Vossa Jazz og du vil få høve til å øve med profesjonelle musikarar, og å førebu og vera med på å arrangere festivalen. Du vil få mykje erfaring på kort tid og bli ein trygg musikar. Du vil òg få eit nettverk for vidare samarbeid. Me hjelper deg til å ta val i vidare karriere og å førebu til studiar.

Dette er linja for deg som vil satsa på musikken! Når du søkjer plass hjå oss må du legge ved ein video og vi intervjuar alle aktuelle kandidatar før opptak.

Dette vil du lære:

  • Hovedinstument
  • Eigenart
  • Samspel
  • Jazzteori
  • Improvisasjon
  • Høyrelære
  • Lydteknikk

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur med tog til Europa

Studieturen går med tog frå Voss til Europa. Vi vitjar festivalar, går på konsertar, held konsertar og samarbeider med utanlandske utdanningsinstitusjonar. Klassen set saman opp reiseruta.

Film

Sjå film om skulen

Følg oss på instagram

@VOSSFHS