Idrett-og-Friluftsliv

Idrett og friluftsliv

Idrett og friluftsliv

Opplev meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet. Alpint og fri-køyring i dei to beste skisentra på Vestlandet. Varierte idrettar, klatring, kiting, og jakt og fiske om du vil. Opplev Alpane.

Om linja: Idrett og friluftsliv

Er du klar for nye eventyr på Voss?

Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra.

Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen, og ikkje minst naturen rundt oss. Turane våre er varierte; frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Det blir lange samtalar kring bålet, overnatting i telt, hengekøye, snøhole og under open himmel.

Dette får du på linja:

På ski og snowboard tar me utgangs­punkt i ditt nivå. Du får utvikle deg på teknikk, hopp, rails og frikøyring i nypreparerte løyper og i deilig pudder. Me leg­g opp til mykje køy­ring og leik på bret­t og ski. I idrettsdelen vil du møte både kjende og nye aktivitetar. Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom, og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng.

  • Sesongkort i Myrkdalen skisenter

  • Årskort i Voss Resort

Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre.

Dette vil du lære:

  • Kart, kompass
  • Skredlære
  • Sikkert friluftsliv i høgfjellet og ved kysten
  • Å overnatte i snøhole, iglo, telt – og under open himmel
  • Klatring (brattkort) og buldring
  • Ski og snowboard teknikk
  • Stuping, dødsing og livredning
  • Førstehjelp
  • Mat på tur
  • Jegerprøvekurs (valfritt)
  • Tillaging av vilt (valfritt)
  • Skiinstruktørutdanning (valfritt)

Linja passer for:

Du som vil prøve mykje variert, du som er glad i idrett og som vil bygge kompetanse i friluftsliv. Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, ski/brett og vennskap.

IF linja har betydd utrolig mye for meg personlig og faglig. Tett samarbeid med ulike mennesker og utallige spennende aktiviteter! Gav meg solid erfaring for videre utforskning. Både jobb og fritid handler om folk, aktivitet og friluft for meg i dag.

– Caroline Strand, elev

Studieturar:

Alpene: Verdens kuleste

Dette er verdens "kuleste" Roadtrip!

Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt  i Alpene; St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!

Du får oppleva mange land i Europa, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, elvepadling, surfing og klatring. Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha, eller mindre stader i Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men og å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.

Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane på linja er med å legge opp reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevinger er i fokus.

Me har valt å reisa med buss for å:

  • nå unike stader med kultur og hendingar me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
  • kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr
  • reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly

Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!

Litle Færøy

På hausten drar me til Litle Færøy. Ei lita øy, så langt vest du kjem! Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Her bur Roar og nokre villsauer. Me driv med kystfriluftsliv. Du vil lære å ro og segle. Maten skal lagast, fisken skal fangast og sløyast. Ei veke der det enkle livet er i fokus.

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Følg oss på instagram

@VOSSFHS