Idrett & Friluftsliv

Linja er fullteikna for skuleåret 2019/20. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv. Voss: perfekt for idrett, turglede, jakt og fiske. Alpint og offpiste i Vestlandets to beste skisentre. Studietur Alpene og Slovenia.

Vi har tatt opp over 100 elevar og har derfor stoppa opptaket på denne linja. SJekk gjerne ut Musikk & Friluftsliv og Data & friluftsliv der vi ennå har eit par plasser!

Studietur: «Roadtrip» - Tirol, Dolomittene, Slovenia

 

Idrett og friluftsliv er linja for deg som vil utforske ulike sider av friluftslivet og et mangfold av idrettsaktiviteter. Vi har fokus på meistring, glede og læring. Sidan 1960 kombinerer vi det tradisjonelle friluftslivet med idrett og nye aktivitetar!

Bli med på dei beste turane i fjord -og fjellandskapet på Vestlandet. Bu i telt om hausten, snøhole om vinteren og morro i Vossabadet når det regnar. 

Skulen ligg 1000 meter fra Nord-Europas største gondolbane som tar deg opp til alpinanlegget i Voss Resort – her har vi sesongkort og står på alpin og offpiste.

Om hausten syklar vi den fantastiske Rallarvegen. Vi har ei veke med kystliv anno 1890, fiske, fangst og lysing etter krabber. Her kan du ta skiinstruktørutdanning. Vi er også fast gjest på skistadion og langrennssporet.

Vi tek oss tid til å bli gode på ski og å kose oss på tur. Vi gleder oss over fellesskapet og naturen.

  

 Aktivitetar og læring:

  • Kart, kompass, skredkunnskap og trygge vegvalg
  • Kiting på Hardangervidda
  • Utvikle skiferdigheter i og utenfor skibakken. Vi har sesongkort.
  • Leik og trening i Vossabadet
  • Fjellturer høst, vinter og vår
  • Seiling, fisking og roing
  • Prøv deg på klatring
  • Fang fisk med hendene
  • Ta skiinstruktørkurs i alpint (valfritt)
  • Jegerprøve og småviltjakt (valgfritt)
  • Overnatting i telt, snøhule og Iglo, solodøgn ute
  • Ulike innendørsidretter og treningsstudio.

 

Velkomen til eit aktivt og lærerikt år med gode opplevingar!

 

Kven passar linja for?

Deg som vil prøve mykje variert, du som er glad i idrett og som vil bygge kompetanse på friluftsliv. Du som likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, fiskestonga, lagspel og samhandling.

 

Dette vil du lære

  • Kart, kompass og gps
  • Skredlære
  • Sikkert friluftsliv i høgfjellet og ved kysten
  • Å overnatte i snøhole, iglo, telt – og under open himmel
  • Klatring (brattkort)
  • Jegerprøvekurs (valfritt)
  • Tillaging av vilt (valfritt)
  • Skiinstruktørutdanning (valfritt)