–  utfordringar, kreativitet og samspel 

 

Målet er å gje deg lyst til å lage film. Og at du opparbeider deg kunnskap og ferdigheitar slik at du kan lage film – og ta gode foto.

Fagleg og personleg utvikling går hand i hand. Film er teamarbeid, og vi vil leggje til rette for at du kan arbeide både individuelt og i samarbeid med andre.
    
Du vil få grunnleggjande kunnskapar innan film og fotografering. Vi ser nærare på tre fasar i filmproduksjonen

•    Forarbeid
•    Gjennomføring
•    Etterarbeid

Innhaldet på filmlinja har fokus på alle fasane i ei filmproduksjon og legg vekt på det kreative arbeidet. Det kan gi unike filmar. Fotografering står heilt sentralt.

Vi lærer mest når vi jobbar praktisk og lagar film.

På filmlinja må du gjennomføre prosjekt frå idé til ferdig produkt, og ta ansvar for di eiga utvikling gjennom

•    gode arbeidsvanar
•    sjølvstendig arbeid
•    å vere kreativ
•    å øve opp kritisk vurderingsevne

I ein produksjon har vi ulike roller. Er du regissør, manusforfattar, filmfotograf, eller har du ansvar for lys eller lyd? Du får prøve alt, og du kan spesialisere deg.

Foto ligg tett opp mot film. Viktige ferdigheiter og verktøy du treng når du lagar film er blant anna:

•    fotografering
•    kamerahandtering
•    motiv og komposisjon
•    lyssettjing  
•    lydarbeid

Du får innføring i bruk av desse programma:

•    Adobe Premiere
•    Photoshop
•    InDesign

Filmlinja disponerer

•    stort arbeidsrom og undervisningsrom
•    to redigeringsstasjonar
•    eigen kino

Skulen har òg eit lydstudio.


Arbeidsmetodane vi brukar vekslar mellom

•    praktisk arbeid
•    teori
•    individuelt arbeid – og i grupper
•    eigne idear og prosjekt
•    realistiske arbeidssituasjonar med tidsfristar

Vi tar på oss oppdrag for lokale aktørar, blant anna

•    kortfilmkurs på Barnefilmfestivalen
•    reklamefilmar
•    filminnslag til f.eks. Fjellsportkonferansen

 


Dialog og konstruktiv tilbakemelding

Evalueringa har fokus på gjennomgang av eigne og felles prosjekt. Du må øve på å gi konstruktive tilbakemeldingar, og skal reflektere over ditt eige arbeid og innsats gjennom ein refleksjonslogg.

Vurderingane skjer i samtalar ein til ein og i gruppa, både undervegs i arbeidet og i etterkant.

Linjelæraren har fleire elevsamtalar i løpet av skuleåret. Her legg vi vekt på personlege og faglege mål, på utfordringar, og ikkje minst trivsel!

Elevmedverknad er svært viktig. Du er med på å skape din eigen kvardag. Di stemme er viktig for at me skal kunne lage eit godt folkehøgskuleår – saman!

Fridom er viktig for alle menneske. Du vel korleis du vil påverke din og min kvardag. Vi vil at du skapar eit unikt folkehøgskuleår og prøver ut dine interesser og fag du ynskjer å vite meir om.

Gjennom engasjement og deltaking kan du få dei store opplevingane, ein real opptur!