Skip to content
Film-og-foto

FILM & FOTO

Film og foto som karriere eller hobby?

Lær film & foto gjennom praktisk arbeid og eksperimentering i eit kreativt miljø. Frå idé til ferdig produkt. Filmfestivalar og utstillingar. Analogt og digitalt. USA - San Francisco/LA-Hollywood. 

Om Linja: Film og Foto

På film & fotolinja har vi fokus på praktisk tilnærming - vi går rett i produksjon. Det er lagt stor vekt på kreativt, sjølvstendig og skapande arbeid. Med støtte frå gode og erfarne lærarar og gjesteførelesarar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt. Ved utforsking og eksperimentering utviklar du deg som filmskapar og fotograf.

Vær ein del av eit aktivt fagmiljø. Reis på fagturar for å bli inspirert og treff ulike folk som jobbar i bransjen! Linja samarbeider med dei andre kreative linjene på skulen; Data, Data Friluftsliv og Musikk - saman jobbar vi fram prosjekt som stop motion, utstillingar og teater. I laupet av året får du tid til å fordjupe deg i din særinteresse som til dømes analogt foto og mørkeromsarbeid, kortfilm, manus, landskapsfotografi eller musikkvideo o.l. I tillegg er det kvart år mulig å jobba for ulike lokale aktørar. Vi fotograferer og filmar for Osa Festivalen, Vossa Jazz, Voss kommune og andre aktørar på Voss.

På hausten besøkjer vi Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) der vi får sjå mange gode dokumentarar og spanande førpremierar.

Haustens store høgdepunkt skjer i november. Då reiser vi på studietur til solfylte California. Opplev LA, Hollywood og San Francisco, Nasjonalpark og Highway 1. Saman utforskar vi den amerikanske filmhovudstaden og San Fransisco sin spennande kunst- og fotoscene.

På våren jobbar vi mot filmfestivalen Amandus Internasjonale Studentfilmfestival på Lillehammer. Der har vi tidlegare hatt med fleire filmar! Sjå filmen her og her. Det er alltid eit høgdepunkt å dra til Lillehammer i april og forhåpentlegvis sjå eigen film på festivalen.

 Sjå fleire filmar på vår eigen youtube kanal:
Film & Foto på YouTube

 

 Dette vil du lære

  • filmteknikkar
  • lyssetting
  • foto - analogt og digitalt
  • mørkeromsarbeid
  • ideutvikling
  • fortelljarteknikkar
  • manus
  • kreativitetsteori
  • Premiere Pro (redigering)
  • Photoshop
  • AfterEffects/Animasjon

Utstyr på linja

Film og fotolinja har mye bra utstyr til utlån. Vi bruker Canon-serien til fotografering og til film. Vi har Ronin DJI til filming, ulike zoomer og boomer til lyd. Vi har eige redigeringsrom med Mac'ar som alltid har nyaste versjon av Premiere og Photoshop, i tillegg til resten av Adobe-pakken. Vi har eige mørkerom og ulike analoge kamera. Til lyssetting brukar vi LItePanels og Ianiro. Vegg i vegg med klasserommet ligger linjas eigen kinosal - her ser vi mykje film, både eigenproduserte filmar, spelefilmar, dokumentarar, kortfilmar og musikkvideoar.

Du treng ingen forkunnskapar. Det viktigaste er at du har lyst til å prøve, utforske og utvikle deg innan Film og Foto.

Film eller foto som karriere eller hobby? Prøv det ut hos oss på Voss!

Følg oss gjerne på Instagram:

@vossfhs er skulen sin profil

@vossfhs_kreativ er Film & Foto, Data og Datafriluftsliv sin profil.

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur til USA – Silicon Valley /San Francisco.

Opplev California i USA! I november byter vi ut haustver med den solfylte kysten av California, og storbyane San Francisco & Los Angeles. I San Francisco opplever du pulserande storbyliv med Golden Gate, Alcatraz, kultur, opp-ned gater, herleg mat og Chinatown. Vi bur midt i sentrum med storbyen utanfor dørstokken. Opplev verdas episenter for IKT, Silicon Valley frå innsida, vi besøker Google, Intel og norske gründerar. Fantastiske naturopplevingar på hyttetur mellom San Francisco og LA, eitt av dei store høgdepunkta på turen! I LA bur vi i nydelege Santa Monica ved verdsberømte Venice Beach. Oppdag Hollywoods glamour og filmbyens magi. Her besøker vi Warner Bros, Walk of Fame og Hollywood-skiltet. Vi bur rett ved Santa Monica’s endelause shopping-gater, strender og restaurantar.

Bli med på ei reise gjennom den amerikanske draumen.

Film & Foto og Data dreg saman på tur - faglege opplegg vert tilpassa linjene.

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Før jeg begynte på Voss hadde jeg ingen praktisk erfaring med det å skrive manus, egissering eller redigering. Har skrevet, filmet og produsert filmer. Har du lyst å utfordre deg selv, er film- og fotolinjen på Voss en perfekt plass å begynne!

–Julian Øien elev 2017-18

Følg oss på instagram

@VOSSFHS