Skip to content
Ekstremsport

EKSTREMSPORT

Ekstremsport

Venteliste for skuleåret 2020-21. Eit år med leik og utfordring i Ekstremsport- og Skibygda Voss! Lær elvepadling, topptur/ frikjøring og skredlære. Ta brattkort i klatring og "spot" kvarandre på buldring, prøv luftsport, padlebrett og fossevandring med stegjern.  Studietur til Slovenia.

Få sterke opplevingar, vennskap og ansvar på ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen rundt bålet.

Om linja: Ekstremsport

Eit år med leik og læring i "Elvepadlingas Mekka"; Ekstremsport- og skibygda Voss! 1 km til gondol som tek deg til fjells gjev tallause opplevingar.

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling og frikøyring, men som også vil hoppe fallskjerm, klatre og kombinere det heile med teltliv.

Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Test bålferdigheiter og mental styrke på “Solodøgn”. Køyr i djup pudder i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.

Ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennene dine er med på å legge planar i forhold til vassføring i elv, skredfare, vêr og ferdigheit både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikla deg, byggje kompetanse og bli sikker i sportane vi driv med.

Dei største turane våre:

  • Utanlandstur - Ekstremsportslandsbyen Bovec under alpane i Slovenia. Elvepadling, grottevandring/klatring, stisykling og Balkansk historie/kultur.
  • Nærøyfjorden - Fjordpadling, teltliv og naturopplevingar
  • “Toppturveko" - Topptur med basecamp i telt i magiske Jordalen
  • Festivalar – dersom det passar inn i året, Fjellsportfestivalen, X2 festivalen
  • ...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skolen sin støl!

Ekstremsport er fremdeles det beste året jeg har hatt etter videregående. Jeg fikk testa egne grenser og oppleve mestringsfølelse, uten andre forutsetninger enn å være nysgjerrig og eventyrlysten. Det la grunnlaget for tiden etter folkehøgskolen.

- Ane Lindskog, elev 2012-13

Alpelandsbyen Bovec i Slovenia

På våren, når vi har brukt tre fulle månader på å stå i djup Vossasnø, dreg vi til dei Austre Alpane i Slovenia og padlar ”resirkulert snø” i ”Smaragdelva” Soca, prøver grottevandring/ klatting, syklar og lærer meir om Balkans kultur og elvevern.

I 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige reisemål!

Ekstremsport-klassen sin tur til Bovec i Slovenia byggjer på dei tre hovudpilarane i berekraftig reiseliv:

Miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.

Me nyttar difor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me har også samarbeid med verneorganisasjonen Balkan River- Defence og Unescoskulen i Kobarid. Action og samfunnsengasjement i same tur!

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Følg oss på instagram

@VOSSFHS