Skip to content
Ekstremsport-Luft

EKSTREMSPORT LUFT

Hopp i det

Venteliste for skuleåret 2020-21. Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding, speedriding og ski. Prøv elvepadling, havpadling, skating, rappellering og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole. Ekstremsport og skibygda Voss!

Om linja: Ekstremsport luft

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men òg ønskjer å køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar. Kast deg ut frå eit fly eller helikopter, flyg speedrider ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til å gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv elvepadling, fjordpadling, rappellering og klatring. Køyr endelaus pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsider i Voss Resort.

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. 1 km til gondol som tek deg til fjells gir Nord-Europas beste tilbod for luftsport!

Du og vennene dine er med og legg planar i forhold til vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med. Du får flyge hundrevis av turar i laupet av året, og på vinteren stiller vi med fleire lag i NM i vindtunnel.

Ekstremsport Luft passer for deg som er eventyrlysten, vil utfordra deg sjølv, har pågangsmot og godt humør. Linja passer best for erfarne skifolk, men krev ingen erfaring frå luftsport.

Sygeste eg har vært med på! Hoppe ud av fly, springe ud fjell med vinge. Adrenalinfylt! Eg e´ hekta! Urørt snø, Vindtunnel- NM og ting eg ikkje hadde drømt om. Store opplevelser med venner for livet!.

- Mari Bakkan Vika, Stavanger, elev 2016/17

Utstyr

Dette utstyret får du låne av skulen

Fallskjerm | Fallskjermhjelm | Hoppdress | Paraglider | Paraglider-hjelm | Speedrider | Teleskopstavar | Elvekajakk | Havkajakk | Våtdrakt | Padlevest | Padlehjelm | Klatreutstyr | Skateboard | Skatehjelm | Skredsøker | Skredspade | Søkestang | Telt | Stormkjøkken

Noko av utstyret kan du kjøpe for ein god pris etter skuleåret.

Du får og eigen radio, førstehjelpsutstyr, fallskjerm-hanskar og fallskjermbriller som du får behalde etter skuleåret.

Dette utstyret må du stille med sjølv

  • Turutstyr (ryggsekk, sovepose, liggeunderlag etc.)
  • Turklede (vindtett og ullklede)
  • Ski-klede
  • Alpinski m/ gå-funksjon
  • Ski-hjelm og ryggplate
  • Sykkel­­

Skulen har gode innkjøpsavtalar på utstyr, og det går heilt fint å kjøpe brukt utstyr.

Obs! For paragliding, speedriding og fallskjerm må du ha medlemskap i Norges Luftsportforbund. Dette kostar rundt kr. 2000,- fram til det året du fyller 20 år og aukar noko etter du fyller 20 år. Dette må dekkast av elevane sjølv på grunn medlemsreglane til NIF.

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

«Roadtrip» - Tirol, Dolomittane, Slovenia

Turen går til både dei største mest legendariske ski-stadane rundt St Anton og Innsbruck, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Linjene Ekstremsport Luft og Idrett & Friluftsliv reiser saman på denne turen - det blir god stemning!

Vi reiser gjerne gjennom 15 - 20 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I laupet av turen blir det gode mogelegheiter for ski, surfing, flyging og klatring. Det blir også litt tid til å oppleve kulturforskjellane i storbyar som til dømes Haag, Budapest, Beograd og Praha eller mindre stader i Kroatia, Bosnia- Herzegovina eller Romania. Vi vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Turen har som mål å prøve ut sportane vi har lært oss gjennom året i nye omgivnader. Vi planlegg turen saman i laupet av året. Du som elev er med å legge reiseruta slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus. Turen går gjennom mange land, og det blir også tid til å oppleve for eksempel Venezia og Praha, og mange andre stader i Europa. Vi vel sjølve! Turen går dei siste vekene i mars. Bli med oss på eventyr!

Vi valde "roadtrip" for å:

  • nå unike steder med kultur og begivenheter vi vil få med oss, som vi ikkje får med en typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å legge opp reiseruta som vi vil
  • kunne flytte oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr
  • reise mye meir miljøvennlig enn med fly

 

Turen går de siste vekene i mars. Bli med oss på eventyr!

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Følg oss på instagram

@VOSSFHS