Ekstremsport Luft

Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding, speedriding og ski. Prøv elvepadling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhole. Ekstremsport og skibygda Voss!

Voss Folkehøgskule har Norges mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsporter.

Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg speedrider ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv elvepadling, fjordpadling, rappellering og klatring. Køyr endelaus pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsidar i Voss Resort.

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennane dine er med og legg planar i forhold til vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med. Du får fly hundrevis av turar i løpet av året, og på vinteren stiller me med fleire lag i NM i vindtunnel.

 

I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva:

St. Anton - Østerrikes største skistad

Slovenske alper - Ekstremsportbyen Bovec

Gudvangen - Fjordpadling, teltliv og naturopplevelsar

Jordalen - Topptur med base camp i telt

Festivaler viss det passer

...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skulen sine fjellstølar!

Utstyret me bruker er av verdas høgste kvalitet. Du får en eigen speedrider som du sjølv disponerer frå du får lisens. Fallskjerm og paraglider leiger me av klubbane me samarbeider med.  

 

Hvem passer linjen for?

Ekstremsport Luft passer for deg som er eventyrlysten, vil utfordra deg sjølv, har pågangsmot og godt humør. Linja passer best for erfarne skifolk, men krever ingen erfaring frå luftsport.

 

18644996 1757203997902900 2172114289010147328 n

 

 Dette lærer du:

  • Alpint - Frikøyring og vidaregående teknikk
  • Fallskjermhopping - minst 20 hopp
  • Speedriding - SPG2 lisens
  • Paragliding - grunnkurs 
  • Vindtunnell - 3-4 timar (tilsvarar ca 2-300 fallskjermhopp)
  • Elvepadling - Innføring/ Våttkort
  • Havpadling - Innføring
  • Klatring - Brattkort
  • Rappellering - Innføring
  • Snøskredlære
  • Sikkerhet og risikovurdering
  • Førstehjelp 
  • Aerodynamikk
  • Meteorologi
  • Aktivt friluftsliv
  • Reiseplanlegging 

 

Dette forventer vi av deg:

  • God fysisk form
  • Høgt energinivå
  • Høg tilstedeværelse
  • Sunne holdningar
  • Oppmøte kvar dag
  • Dugnadsvilje
  • Gode skiferdighetar - alpinski
  • Krav til legeerklæring
  • Maks vekt 95 kg 

 

Opplev drømmene dine! Velkommen til Voss!

 

View the embedded image gallery online at:
https://voss.fhs.no/linjer/ekstremsport-luft#sigFreeId107e416bf2
 

Instagram: @vossfhsekstem #vossfhsekstrem