Målet er å skape interesse og forståing for natur, friluftsliv og frisport – menneske, samfunn og berekraft.


Dei underliggande måla er å lære om
•    samarbeid
•    personleg utvikling
•    aktivitet og rørsle
•    bli betre kjend med kropp og sinn
•    utvikle di evne til refleksjon

Elevane skal bli konstruktivt kritiske til menneska sitt forbruk og framandgjering av naturen, og lære å sjå seg sjølve som del av eit økosystem der alle brikkene påverkar kvarandre.

Innhaldet på frisportlinja set fokus på læring og utvikling i praktiske situasjonar gjennom val av gode område, aktivitetar og refleksjon. Dette gjer vi mellom anna gjennom

•    individuelle aktivitetar
•    samarbeid
•    tryggleik og sikring
•    større og mindre grupper

De fleste av aktivitetane er individuelle, men krev samarbeid og tryggleik for å kunne gjennomførast. I buldring spottar vi kvarandre i tilfelle fall, og i elvepadling sikrar vi kvarandre både frå land og i vatnet. Samarbeid er sentralt.


Haust
•    Elvepadling: teknikktrening
•    Elvelære: synfaring og tryggleik
•    Slakk line, balansetrening
•    Eigen leik og trening
•    Buldring/sportsklatring ute og inne på Voss
•    Vekestur til Sogndal med buldring og Brattkort-kurs: Rørsleglede utan fasit!

Teori
•    Tryggleik og metodar
•    Friluftslivloven og Allemansretten
•    "Tur etter evne" og risikovrudering


Valfri utanlandsreise: Vel mellom 4 turar på skulen! Med tur til Alpane i Austerrike får du ein kickstart på skisesongen i november!


Vinter og vår
•    Topptur og frikøyring – teori og praksis
•    Skredlære, nødvendig utstyr, bruk av utstyr
•    Førstehjelp
•    Overnatting ute

Teori
•    Turplanlegging
•    Faregradering
•    Gruppe- og vurderingsprosessar

Metoden og arbeidsmåtane på linja kan vi oppsummere ved hjelp av Dewey: «learning by doing and reflecting». Erfaringslæring vil bli brukt så mykje som mogleg.

Rettleiing står i fokus, både individuelt og i grupper. Ved å velje gode område, aktivitetar, situasjonar og oppgåver må du utføre, erfare og lære.

Enkelte tema/situasjonar er heilt lærarstyrte, eller instruerte, for ivareta tryggleiken fullt ut.

Evaluering gjer vi saman rundt dine erfaringar. Vi diskuterer i plenum og med kvar enkelt elev. Du skal skrive ein refleksjonslogg for kvar tur. Gjennom refleksjonsloggen skal erfaringane dine komme fram. Tema i refleksjonsloggen er blant anna

•    opplevingar
•    gruppeprosessar
•    utstyr
•    din eigen innsats – og i gruppa/klassen
•    læraren sin innsats – eller rolle

Loggen skal leverast til læraren og blir nytta i dei fastsette elevsamtalane.

Elevmedverknad er viktig for at vi skal få til å skape eit godt folkehøgskuleår – saman! Dine interesser er med på å danne grunnlag for arbeidet på frisportlinja.

Fridom til å påverke din eigen kvardag er viktig. Saman skapar vi eit unikt år der du kan dyrke dine interesser og prøve ut fag. Kanskje ønskjer du å vidareutdanne deg innan friluftsliv?

Gjennom engasjement og deltaking kan du få dei store opplevingane på Voss Folkehøgskule – ein real opptur!