Ekstremsport

Lær elvepadling, fallskjerm, topptur- og frikjøring med skredlære. Ta brattkort i klatring og "spot" kvarandre på buldring. Opplev vennskap og ekskursjonar. Kjenn naturkreftene på kroppen og avslutt dagen i sovepose rundt bålet. Eit år med leik og læring i "Elvepadlingens Mekka"; Ekstremsport- og skibygda Voss!

Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Linja Ekstremsport er for deg som vil bruke mest tid på elvepadling, klatring og ski, men som også vil hoppe fallskjerm og lære å kontrollere kroppen i fritt fall.

Prøv vindtunnel, rappellering og fjordpadling. Overlev med minimalt med utsyr på "solodøgn". Køyr i djup pudder i dei to skianlegga på Voss eller i urørte fjellsider du sjølv har teke deg opp på.

Ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Du og vennene dine er med på å legge planer i forhold til vassføring i elv, skredfare, vær og ferdighet både som enkeltperson og gruppe. Vårt mål er at du skal utvikle deg i, byggje kompetanse og bli sikker i sportane vi driver med.

De største turane våre:

  • Utanlandsturen - Europa Tour m/ ski og elvepadling i alpane
  • Nærøyfjo21480490 710431509148639 8439003050307223552 nrden - Fjordpadling, teltliv og naturopplevingar
  • Toppturuka - Topptur med base camp i telt i magiske Jordalen
  • Festivalar – dei som passer inn i året
  • ...og mange fine turar i områda rundt Voss og på skolen sin sæter!

Kven passer linja for?

Du som er lysten på eventyr og som verkeleg vil utfordre deg sjølv. Du må ha pågangsmot og godt humør. Linja passer best for erfarne skikøyrarar, men krev inga erfaring frå padling eller klatring.

Dette lærer du:

  • Alpint - Frikjøring og topptur
  • Fallskjermhopping - Grunnkurs
  • Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
  • Elvepadling - Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
  • Synfaring og lesing av elv
  • Elveredning
  • Havpadling - Våttkort Innføring
  • Klatring - Brattkort
  • padlingBuldring
  • Rappellering - Innføring
  • Snøskredlære

 

  • Tryggleik og risikovurdering
  • Førstehjelp 
  • Meteorologi
  • Reise- og turplanlegging 

Dette forventar vi av deg:

  • God fysisk form
  • Høgt energinivå
  • Høg deltaking
  • Sunne haldningar
  • Oppmøte kvar dag
  • Dugnadsvilje
  • Gode skiferdigheiter - alpinski
  • Krav til legeerklæring

 

 

 

View the embedded image gallery online at:
https://voss.fhs.no/linjer/ekstremsport#sigFreeIddf797919ad