Målet er å utvikle grunnleggjande og solid kompetanse innan eit breitt datafelt.

 

Med viktige kjerneområde på plass er du rusta til å velje studieretning og karriere – viss du vil arbeide vidare med data.

 

Du får høve til å fordjupe deg innan eitt fagområde samtidig som du opparbeider deg ei brei plattform av generelle kunnskapar og ferdigheiter.

 

Vi har fokus på

•    å utvikle gode arbeidsvanar
•    å finne rett verktøy/kanal/område til kvar enkelt elev
•    fagleg og personleg utvikling

Vi legg sterk vekt på at du skal trivast i eit godt sosialt fellesskap for å skape eit godt  læringsmiljø. Du skal synest det er kjekt å vere med i dataklassen.

 

Datalinja arbeider med

•    prosjekt
•    arrangerer LAN
•    reiser på turar

 

Det faglege innhaldet på linja lagt opp som kurs i haustsemesteret, mellom anna i

•    grafisk design
•    programmering
•    spel-programmering
•    webdesign
•    hardware og 3D

 

Det er fokus på prosjektarbeid i vårsemesteret basert på dine faglege interesser og føresetnader. Eksempel på prosjekt er

•    byggje 3D-printer eller drone
•    lage spel
•    byggje webside

 

Av programvare arbeider vi mellom anna med

•    Photoshop
•    Illustrator
•    Unity3D
•    3D Studio Max

 

Du lærer deg samarbeid gjennom prosjekt- og teamarbeid i kombinasjon med oppdrag frå lokale aktørar. Du vil lære å bruke ulike dataverktøy effektivt.

 

Vi vitjar ulike fagmiljø innan data og IKT som ei eventuell førebuing til vidare datarelaterte studiar. Du vil erfare skapande prosessar og metodar som er vanlege i databransjen i dag.

 

Metodane vi legg vekt på er sjølvstendig, skapande arbeid – både individuelt og i samarbeid ut frå

•    eigne føresetnader
•    interesser
•    kunnskap og idear.  

 

Vi legg vekt på å jobbe med verkelege prosjekt. Vi samarbeider lokalt for å få reelle oppdrag. Det er motiverande når krava er basert på reelle behov og tidsfristar.  

Du lærer best i lag med andre – når du strekkjer deg etter ny kunnskap. Samarbeid er vektlagt i undervisninga fordi samarbeid fremjar læring.

Kunnskap skal spreiast og vidareførast. Det er viktig å oppleve at kompetansen vi har kan brukast, er nyttig og verdifull. Difor er vi med på å

•    arrangere LAN for ungdommane på Voss
•    halde kurs for barneskuleelevar
•    bidra på lokale arrangement


Evaluering gjer vi kontinuerleg gjennom samtalar og dialog mellom eleven og læraren, og i elevgruppa.

Du vil få konstruktive tilbakemeldingar på ditt eige arbeid og du må gje tilbakemelding på andre sitt faglege arbeid. Det er mykje læring i dette, og det gjev deg yrkesretta erfaring innanfor datafaget.

Gjennom året har vi gjennomgang av dine prosjekt og fellesprosjekt – i mindre grupper eller samla på linja. Du må òg reflektere over ditt eige arbeid og innsats og skrive ein refleksjonslogg der du vurderer det du har gjort og laga.

Linjelæraren gjennomfører fleire elevsamtalar i løpet av skuleåret. Her legg vi vekt på

•    personlege mål
•    faglege mål
•    utfordringar
•    utvikling
•    trivsel

 

Elevmedverknad er svært viktig. Du er med på å skape din kvardag. Di stemme er viktig for at me skal kunne lage eit godt folkehøgskuleår – saman!

Fridom er viktig for alle menneske. Vi skapar skulen saman. Du vel korleis du vil påverke din og min kvardag. Vi vil at du lagar eit unikt folkehøgskuleår og prøver ut dine interesser og fag du ynskjer å vite meir om.

Gjennom engasjement og deltaking kan du få dei store opplevingane, ein real opptur!