Skip to content
Data

DATA

Karriere innan data?

Lær og prøv ut dei viktigaste områda innan data: programmering, datasikkerheit, grafisk design, 3D/VR, spel og animasjon. Bransjeretta. Fagturar i Noreg og til USA: San Francisco/Silicon Valley/LA

Om linja: Data

Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare. Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde. Du får jobbe i prosjekt på det du interesserer deg for fagleg.

Vi vil lære, trivast og ha det kjekt saman! Du kan gle deg til “å leike” med andre datainteresserte. Du får opplevingar som hjelper deg å bestemme vegen vidare. Du vil oppleve verdas episenter for IKT, nemleg Silicon Valley i USA! Dit skal vi. Her besøker vi verdas største IKT-selskap som Google og Intel!

Vi drar også til LA og Hollywood, samt små surfebyar langs Stillehavet. Du blir del av eit pulserande miljø, og utviklar deg dit du vil. Linja hentar impulsar frå og samarbeider med dei andre kreative linjene på skulen: Film & Foto linja og Musikklinja.

Linja er som ei av dei eldste av sitt slag veldriven av erfarne lærarar, og har eit stort nettverk av tidlegare elevar og bransjefolk.

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur til USA – Silicon Valley /San Francisco.

Opplev California i USA! I november byter vi ut haustver med den solfylte kysten av California, og storbyane San Francisco & Los Angeles. I San Francisco opplever du pulserande storbyliv med Golden Gate, Alcatraz, kultur, opp-ned gater, herleg mat og Chinatown. Vi bur midt i sentrum med storbyen utanfor dørstokken. Opplev verdas episenter for IKT, Silicon Valley frå innsida, vi besøker Google, Intel og norske gründerar. Fantastiske naturopplevingar på hyttetur mellom San Francisco og LA, eitt av dei store høgdepunkta på turen! I LA bur vi i nydelege Santa Monica ved verdsberømte Venice Beach. Oppdag Hollywoods glamour og filmbyens magi. Her besøker vi Warner Bros, Walk of Fame og Hollywood-skiltet. Vi bur rett ved Santa Monica’s endelause shopping-gater, strender og restaurantar.

Bli med på ei reise gjennom den amerikanske draumen.

Film & Foto og Data dreg saman på tur - faglege opplegg vert tilpassa linjene.

Voss og datalinjen var den største oppturen i mitt liv! Jeg kom meg
på beina igjen etter et dårlig år og fikk samtidig uforglemmelige
opplevelser på tur og venner for livet.

– Aslak Hollund, NTNU student, fra Oslo, elev 2013-1

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Jeg visste før folkehøyskolen at jeg var interessert i teknologi og data, på linjen fikk jeg opplevd ting som forsikret meg om at avgjørelsen om å ta data videre var riktig.

– Eirik Haugan, Informatikk student, fra Tromsø (Fikk nylig en IKT jobb, de la vekt på den faglige bredden fra datalinja.)

Følg oss på instagram

@VOSSFHS