Skip to content
Data-og-Friluftsliv

DATA & FRILUFTSLIV

Kombiner data og friluftsliv!

Linja har venteliste for skuleåret 2020-21. Lær programmering, spel, animasjon mm. Skulen er i særstilling med sitt nærmiljø, midt i hjartet for ekstremsport i Noreg. Alpint i Voss Resort, fjell og hytteturar, vindtunnel og rafting! Utanlandstur til USA: San Francisco/Silicon Valley

Om Linja: Data og friluftsliv

På Data & Friluftsliv får du det beste av to verdenar! Skulen har lange tradisjonar innan begge områda. 1 km frå skulen til gondol som fraktar til fjells, gir moglegheiter for tallause opplevingar. Skulen har tilgang til fleire hytter i området. Lærarane våre har lang erfaring og spisskompetanse. Friluftsliv på Voss folkehøgskule er kjent for det gode læringsmiljøet sitt. Vi har fokus på samhald og meistring, her får du venner for livet. Både data- og friluftslivslinja er blant dei eldste av sitt slag, veldrivne av erfarne lærarar som har eit stort nettverk av tidlegare elevar og bransjefolk. Utforsk data samtidig som du nyttar det unike friluftslivet på Voss til fulle og får stå mykje på ski.

DATA

Karriere innan data? Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare. Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde.

Fagområde: programmering, 3D/ VR, spel, motion graphics, web, mm. Vi fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap. LAN, fagturar, prosjekt mm.

FRILUFTSLIV

Linja har eit perfekt utgangspunkt i den unike ski-, ekstremsports- og idrettsbygda Voss. Linja samarbeider med Voss Resort, Vindtunnelen og fleire andre.

Dette kombinert med svært erfarne lærarar, resulterer i veldig mange gode skuledagar i friluft. Kvar fredag er det valfag heile dagen.

Me tek opp elevar frå 1.februar.
Det er lurt å søkja tidleg.

Studietur til USA – Silicon Valley /San Francisco.

Opplev California i USA! I november byter vi ut haustver med den solfylte kysten av California, og storbyane San Francisco & Los Angeles. I San Francisco opplever du pulserande storbyliv med Golden Gate, Alcatraz, kultur, opp-ned gater, herleg mat og Chinatown. Vi bur midt i sentrum med storbyen utanfor dørstokken. Opplev verdas episenter for IKT, Silicon Valley frå innsida, vi besøker Google, Intel og norske gründerar. Fantastiske naturopplevingar på hyttetur mellom San Francisco og LA, eitt av dei store høgdepunkta på turen! I LA bur vi i nydelege Santa Monica ved verdsberømte Venice Beach. Oppdag Hollywoods glamour og filmbyens magi. Her besøker vi Warner Bros, Walk of Fame og Hollywood-skiltet. Vi bur rett ved Santa Monica’s endelause shopping-gater, strender og restaurantar.

Bli med på ei reise gjennom den amerikanske draumen.

Film & Foto og Data dreg saman på tur - faglege opplegg vert tilpassa linjene.

Film

Sjå kva me gjer på denne linja

Følg oss på instagram

@VOSSFHS